
Nikolai: "Fyrste ritt i noregscupen stod for tur. Eit sterkt startfelt med dei fleste i Noregstoppen med. 70 km i tøft terreng og motbakke! Fyrste km var bak masterbil før me køyrde rett inn i ein "traktorveg-motbakke". Etter dette vart eg liggande litt for langt bak i feltet, som sprakk voldsomt opp i neste terrengparti. Etter ein lang og seig motbakke var eg på ca. 25. plass. Litt tung start ... Så bar det inn i eit langt terrengsparti, til dels teknisk vanskeleg. Eg låg i lag med to andre, og me begynte å plukka folk som hadde fått tekniske problem eller hammaren! Plutseleg stod Vidar Mehl ute i skogjen med punktering. Han kom seg på sykkelen og låg i lag med oss. Men so skjedde det fatale: girøyra knakk rett av i ei myr, og rittet var slutt! Eg var då langt inni skogen, langt frå folk, med bakhjulet i eine handa og sykkelen i den andre! Måtte ta beina fatt og gå til næraste løypevakt. Men det var langt, eg gjekk i ca. 1 time og 20 minutt før eg møtte folk! Så ein kjedeleg start på terrengsesongen, men eg kjem sterkare attende ;)"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar