søndag 1. juni 2014

Bergen - Voss, i strålande sol!

Kjell Olav og Bengt i fint driv og inn til kjempetid!
Bergen - Voss var i år eit eventyr - og Vossevangen CK hadde med ein god gjeng, omlag 20 stk! Fleire gjorde solide resultat, andre tok det som ein tur i
solskinet! Trass i at mange av "pulje 1-kandidatane" våre ikkje stilte til start (Bjarte, Rune, Kjetil, Paul, Odd Inge, Nikolai og fleire ...), leverte Vossevangen fleire solide resultat! Johnny var einaste Vossevangar i pulje 1. Det vart køyrt knallhardt frå start, og etter Trengereidsbakkane vart det strekk i feltet og Johnny kom her litt bak tetpulja. Han samla seg likevel meisterleg og kom inn på fine 4:19. Det same gjorde Thierry Matthey som starta i pulje 2! Eit svært godt resultat av Thierry! I same pulje var dagens mest uheldige Vossevangar, nemleg Jon Arild Hellebust. I oppoverbakke etter Trengereid, klarte ein "klakaskadle" å velta over Jon Arild slik at råma hans (Cannondale EVO superSix) knakk på to stader ... Dermed var dagen over. Nils Een tok ut i pulje fem, og det såg bra ut heilt til Nils klarde å køyra av kjeda(!). Likevel kom Nils inn på fine 4:45. Vidare hadde me Dag Tore og Roger som knalla inn på 4:50.

Nils Een parkerar gruppa si opp Skjervet! 

May Lisbeth Flo stod for dagens prestasjon i kvinneklassen då ho raste til Voss på 5:11! Ho drog med seg Magnus Hanevik inn til same tid :-) - Svært bra, May!! Mange andre gjorde eit godt ritt, men me lyt særskilt nevna Kjell Olav Tryti! Han trødde heile seg til Voss på 5:47 og klart ny pers! Dette er garantert løyperekord i hans klasse!! I saman med Tryti køyrde Bengt og Jan Eric.

Johnny såg fin og lett ut opp Skjervet - Ove Matland til høgre!

Det kjekkaste av alt var kanskje at ungdomen gjorde det so bra! Sindre Hirth peiste seg til Voss på 4:49, ei veldig sterk tid!! Eirik Tvedt Aastvedt kom inn på fine 5:10, medan trioen Henrik Austgulen Hestnes (5:28), Bjørn Haugo Hefindal (5:29) og Lasse Virkesdal (5:30) debuterte alle og kom inn under oppsett puljetid! Erling Astrup Sjøtun tikka inn på 6:03. Kjekt å sjå at nye ryttarar kjem til - det lovar bra for komande år!



Sindre leverte eit kanonritt!


Nytt av året var "nøytral sone" ned Tokagjelet, der alle fekk 12 minutt tillegg uavhengig av tidsbruk. Inkludert i denne nøytrale sona var stogg i Norheimsund med innlagt matpause! Her var det eit yrande folkeliv med masse god mat til utdeling. I finaværet var dette eit godt tiltak som mange nytta seg av! Her var det til og med kaffi og nysteikte vafler :-) Elles skal det seiast at løypa var noko omlagt ut frå start, der ein i år køyrde rett fram på motorvegen til Hop, og deretter tunellane til Nesttun. Trioen Stian Heggøy, Øystein Blom Olsen og Fredrik Olsen tok sigeren på 4:07:47. Det har elles vore ein del rot med tidtakinga i år, og fleire har fengje feil tid registrert. Me takkar Egil og Halle for fine bilete og god støtte undervegs! Sjå resultat på våre resultatsider.


Taktikkmøte før start!

Rittrapport frå Johnny:
"Endelig sol og bra temperatur på Bergen -Voss. Dette lå an til å bli en flott etappe, men våknet, som fryktet, tett i brystet vel, turen til Bergen var allerde unnagjort, så jeg stilte til start. Pulje 1 gikk tøft ut, høyt tempo til Trengereid, allerde her falt det fra ryttere. Satt godt med opp bakkene, men pokker ta statens vegvesen som freser asfalt før viktige ritt. Hele veien ned fra toppen av Trengereid var et vaskebrett. Flasker spratt vilt og jeg la meg bak. Dumt. Feltet gav gass i bunn, jeg hadde ingen mulighet til å ta igjen gutta. Valgte å kjøre solo til midt på Kvamskogen, ble da hentet igjen av 6-7 karer som jeg slang med med hos. Matland sa det var greit  Denne gruppa kjørte bra sammen. I Nordheimsund ble det tid til nødvendig pause, og ble da tatt igjen av et stort felt, i nøytral sone, så vi ble en god gjeng inn mot Skjervet. Jeg økte farten i bakken, fikk med ca10 stk som satt med til mål. Ikke helt fornøyd med egen innsats, men etter forholdene var det greit."


Nils nær toppen av Skjervet.
J-boy i fint driv opp Skjervet - Matland til høgre!


Dag Tore med sine flotte Pinarello Dogma!

Triatlet Roger Eide!
Ein knekt Cannondale EVO - Jon Arild vart nedkøyrt :(

Eirik Åstvedt i Skjervet

Nils Asbjørn

Rong køyrde hjelperyttar for bankfolk! Ein fin treningstur

Kos opp Skjervet

Ein prat med Halle

May Lisbeth og hjelperyttar Magnus opp Skjervet!

Crook hadde ein fin-fin tur til Voss med  Bengt og Kjell Olav!

Bengt latar som han tek i!

Kjell Olav smilte heilt til Voss


Nils er klar til dyst!

Trengereid


Dag Tore hadde ein god dag!

Eirik gjekk lett opp Trengereidsbakkane



Nils Asbjørn koste seg i Gullbotn


Berre moro



J-boy opp Gullbotn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar