26. plass etter at det gjekk noko tyngre oppe på vidda. Kjetil låg fint an i lag med Nikolai då han laut bryta på grunn av ødelagt dekk. Bjarte tok ein sterk 2. plass i M45 og har med det NM-medalje både i landeveg- og terrengsykling. Rune kom i mål, men fekk løpet øydelagt med punkteringar og 20 minutt med mekking. Thomas Vethe sykla ungdomshelten på 25 km og tok ein fin-fin 4. plass i gutar M13 og Kristian Vethe fullførde Barnehelten i klasse 7-8 år. Sjå rittrapportar under, og resultat på våre resultatsider.
Nikolai
Var med på Helterittet i helga, som var NM terreng maraton. Sterkt startfelt, deriblant sjølvaste Kjetil Isaksen. Rune og Bjarte starta i mesterklasser, så me var ein god gjeng frå Vossevangen CK. Fyrste mila av rittet gjekk kontrollert på asfalt, før me dundra inn i ein lang og bratt motbakke på vel 8-9km. Køyrte kontrollert oppover, visste det var laaangt igjen til mål og mange fleire høgdemeter som venta. Blei liggande åleine mellom 2 grupper, og før ein heftig utforkøyring tok gruppa bak meg igjen, deriblant Kjetil. Då var det berre å henge seg på Kjetil ned fjellsida, der han kobla ut bremsane og satte utfor bakken i velkjent "galemathias stil". I bunn venta ei teknisk rundbanesløyfe på ca. 4,5 km. Her fekk Kjetil desverre tekniske problem, noko som øydela rittet for han. Etter rundbanesløyfa venta 3,5 mil med stigning, i varierande terreng, asfalt, grus, steinete stiar og seige myrer. Mot toppen kjente eg beina blei tyngre og tyngre, og låg mykje åleine. Då eg omsider nådde toppen, venta 4mil ned grusbanking oppe på Hardanger. Her vart det ikkje så mykje banking grunna sletne bein, så hang med ei gruppe ryttere som sykla turrittet. Tilslutt var det over og godnatt, og eg måtte kjempe meg til mål. Etter nok ein heftig utforkøyring kom eg endelig ned til Rjukan sentrum og mål. Ikkje noko voldsomt fornøgd med egen innsats, formen er ikkje god nok til å holde ut over lengre distanser. Men eit kjempeflott ritt og kanonvær. Hr. og Fru Hanevik stilte i støtteapparatet, og gjorde ein utmerka innsats, skal ikkje skorte på støtta i alle fall.
Bjarte
Kjørte lørdag NM terreng marathon for Master, 107 km. Etter ein
litt turbulent natt med dårlig mage var eg litt reservert i forhold til starten
i rittet. Løpet gjekk i Rjukan i Telemark, som tilseier mykje stigning. Den
fyrste kraftprøven fekk med allereie etter ca.6 km der me fekk ein stigning som
var over 10 km lang som låg på ein stigningsprosent på 8-16%. Valgte derfor å
opne roleg. Det viste seg seinare at eg hadde opna vel roleg, tapte nok ein del
der. Løpet gjekk i berg- og dalbane, så eg forsøkte å halde eit jamnt tempo på
gruspartiene, men tapte mykje i stipartiene der eg også fekk ein punktering. Var
skeptisk om dekket ville holde, då eg hadde fått ein kraftig rift i sida. På det
siste stipartiet måtte eg ned å kjenne på myr- og lynglukta, men kom meg kjapt
opp att på sykkelen. Siste del av løpet gjekk ned svingane ved Krossobanen,
merka i svingane at dekket var nesten tomt for luft, men valgte å fortsette til
mål og det holdt akkurat inn. Fekk ein flott 2. plass i NM Master! Frå tidlegare
har eg NM sølv landeveg, så no har eg ein medalje frå kvar grein. Godt fornøyd
med helga. Meget tøff løype med ei løpstid på 4.41 t så reine kraftprøven. Det
merka ein også mot slutten med krampetendenser. Gutane mine kjørte også
terrengløp, Kristian fullførte Barnehelten i klasse 7-8 år og Thomas kjørte
Ungdomshelten 25 km og blei nr. 4 i klasse M13. Stolt av gutane mine :)
Kjetil
NM Helterittet
Det var på tide å debutere i dette rittet, som nesten er hjemlige trakter. Hadde små forhåpninger i denne blytunge løypa. Men gledet meg til å sykle fine stier og ikke minst utsikten mot bl.a. Gaustatoppen til fjells.
Etter noen km master og flatt smeller det rett inn i 700 hm stigning. Og som ventet ble det tungt opp her. Fant en fin gruppe med kjøresterke ryttere og holdt litt igjen mot toppen. Ned igjen på den andre siden passerte vi Nikolai og en til. Jeg tenkte at dette kom til å bli en fin gruppe. Vi syklet inn på et nydelig stiparti. Av alle plasser klarte jeg å punktere her.. I kampens hete fyrte jeg av patronen.. Var bare å legge på sprang. Det ble dessverre en lang løpetur. Etter en liten halvtime fikk jeg tak i pumpe og var klar til å sykle videre. Dommeren som var her mente at jeg var så langt bak, så hun klippet av startnummeret. Greit nok tenkte jeg, men var fast bestemt på å sykle rundt. I så fint fint vær og en så fin løype ble det likevel en strålende tur. Til en forandring stoppet jeg på matstasjonene, snakket med folk og fikk en ny opplevelse av å sykle ritt. Jeg kjørte jevnt hardt, la inn noen harde drag, men ikke verre en at jeg nøyt utsikten og turen.
Rune
Helterittet viste seg å vera eit flott arrangement. For min del vart dagen prega av nokre punkteringar som var svært vrange. Eg var eigentleg fint plassert (nr. 3 i klassen) heile den litt for bratte 9-kilometersbakken opp frå Miland. Tor Halvor sine advarslar om utruleg hard løypa sat i, og då eg såg det var fleire sterke ryttarar saman med meg, valde eg å ha spara (ørlite) på kreftene. Nikolai og eg hadde tjuvtrent kvelden før i det fyrste terrengpartiet, og der hadde eg store planar. Slik gjekk det aldri. Ned att frå den fyrste stigninga punkterte eg. Samla sett vart det tre stogg på totalt ca. 18 minutt, krydra med (lite velluka/rasjonell) alternativ mekking og som ein konsekvens: 4 mil med så lite luft i bakdekket at eg måtte stå å trø sjølv over den minste rot. Anton og Marit hadde fullt service-opplegg, og på den siste tekniske sona før Hardangervidda fekk eg låna Nikolai sitt reservehjul. Då vart det moro opp til vidda, og ikkje minst på vidda. Fekk flist forbi forbausande mange som deltok i turrittet (ei gruppe trur eg at eg passerte tre gonger!). Alt i alt ein flott men litt frustrerande dag. Enda til slutt som nr. 5 i klassen (tippar ganske mange fekk tekniske vanskar). Til saman tapte eg 20-25 minutt, og utan uhell hadde eg kanskje lurt til meg ein 2. plass ... Vel-vel. Uansett, stor takk til huslyden Hanevik for framifrå hjelp!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar