Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, er reist ein tur til Trondheim for å ta ein master. Då høvde det godt å få med seg terrengrittet Markatriller'n i Granåsen. Etter ein god start, lurvete midtdel og sterk avslutting, enda Nikolai på ein meget godkjent 11. plass. Vossevangen CK sin vinter-triatlet, Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng, vann rittet. Les Nikolai sin rapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.
Var idag med på Markathriller'n i bymarka i Trondheim. Etter 2 veker med flytting, skulestart og litt sjukdom var eg spent på formen. Fleire gode til start, deriblant T.H Bjørnstad og Co. Løypa gjekk for det meste på smale, grusa stier i skogen, med innlagte terrengparti, start og målgang i Granåsen skianlegg, ca 41km. Fyrste del av rittet gjekk i skiløypene rundt stadion, ei sløyfe på ca 10km. Her vart det god spredning i feltet, og eg klamra meg fast tetpulja på ca 10-12 ryttarar. Etter sløyfa i skiløypa fortsatte traseen ut i marka, med grus- og stipartier. Plutselig slo ein brytar seg av, og eg vart heilt slapp i kroppen. Mista teten, og raste bakover i feltet. Heilt uten energi såg eg mørkt på tilværelsen, og det heile toppa seg då raskaste dame tok meg igjen (Løvseth). Etter ein lengre periode med hat og fortvilelse, kvikna plutseleg kroppen igjen då det gjennstod ca 15km. Tenkte at eg jaggu ikkje kunne gå på ein "tjeideng" og målet blei no full skadebegrensing ved å ta igjen Løvseth. Kroppen var med på notene, og eg kunne trøkke på uten å få hammeren. Passerte Løvseth samt ti andre ryttarar, noke som gjorde godt for motivasjonen. Kom imål som nr 11, ca 8min bak Bjørnstad som vann. Kort oppsumert: ok start, forferdelig midtdel, bra avslutning. Neste ritt blir Birken neste helg, då lyt kroppen vere minst like god som på slutten idag for at eg skal klare å halde ryggen til Kjetil over fjellet til Lillehammer :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar