Vossevangen CK hadde sin årlege Voss-Jondal-Voss i helga, og dei som var med fekk seg både sol, god mat, mykje god trening og elles god stemning!
Fredag sykla ein gjeng Voss-Tørrvikbygd og tok deretter ferja til Jondal. Her venta ein varm dusj og ein betre middag.
|
Top stemning etter 200 kilometer i lettskya opphaldsvær! Roger manglar! |
Laurdag var det Jondal-Utne-Odda-Lofthus-Ulvik-Voss med omlag 200 km som stod på programmet! Litt småkaldt var det ved avreise 08:15, men sola kom fort fram. Elles varma det godt når rulla gjekk som det suste innover fjorden! Lillehamar Oslo-general Herheim var særs nøgd med gutane sine! Etter ein kaffikopp i Odda, vart det litt motvindskøyring til Kinsarvik før det gjekk vidare på direkten til Ulvik. På veg over høgda møtte me fleire Vossevangarar som tok oss i møte! Ein gasta fin tur i fint lag! Alle som ikkje var med, kan berre angra :-) Inge og Bård kom heilt frå Oslo for å sykla med oss!, Geir Ove var servicemann fredag, og Leif tok turen frå Rauland for å køyre servicebil larudag!! Me takkar og takkar..
|
Helebust i brot, eit vanleg syn |
|
Ikkje fårleg med punktering, når ein har servicebil! |
|
Isaksen fekk seg eit godt drag når me fekk litt dårleg med tid til ferja! |
|
Dag Tore som altid strøken frå topp til tå! |
|
Mat er viktig! Rune og Inge er klare for runde nr.1 |
|
Bård kom heilt frå Oslo, og sykla sjølv Utne-Jondal på fredagskvelden |
|
Arnstein var lett og fin etter heimkomst lauradg |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar