Heine blid og nøgd, som vanleg! |
Ronde van
Berg er eit ritt som går i det lett «flamske» terrenget i Brunlanes ved Larvik
i Vestfold. Distansen er 107 km, beståande av 4 lange runder på 15.1 km og 4
korte runder på 11.7 km. Det er eit spennande ritt som byr på høg fart med
mange bruddforsøk, og der eit evnt. brudd har stor sjanse for å gå heilt inn. I
årets startfelt var det over hundre startende i menn senior. Det var sol og
lite vind frå start og alt låg til rette for ein fantastisk fin konkurranse. Eg
stilte med høge ambisjonar om å gjere eit bra ritt, og helst komme lenger opp
på resultatlista enn i fjor då eg kom på 29 plass. I fjor satt eg i hovudfeltet
heile vegen og såg brudd etter brudd gå uten at eg klarde å vera med, så i år
hadde eg bestemt meg for å sitte langt framme i feltet og prøva å komme meg med
i eit tidlig brudd. Fleire små utbrytargrupper kom seg av gårde frå hovedfeltet
og allerede halvvegs på fyrste runden kom eg meg med i ei tremannsgruppe.
Dessverre var det dårlig samkøyring og me blei henta av hovedfeltet eit lite
stykke ut på den andre runden. Etter det la eg meg litt bak i feltet for å
spare krefter til det rette øyeblikket. Hardkøyret haldt fram, men samtlige
bruddforsøk blei henta av eit aktivt hovedfelt. Ut på den fjerde runden kom
øyeblikket eg hadde venta på. Eit timannsbrudd danna seg, og klarde etter kvart
å komme seg av gårde. I full panikk satte eg etter, men dessverre var eg litt
for uoppmerksom og treig i reaksjonen. Eg fekk med meg to andre og sammen blei
me liggande i vakumet mellom timannsgruppa og hovudfeltet. Luka auka i begge
retninger og me køyrde for harde livet for å ta igjen gruppa framfor oss. Me
haldt det gåande i 15-20 min før me gav opp og lot oss bli sugd opp av
hoveudfeltet igjen. Den aktive køyringa hadde kosta mykje og eg klarde etter
kvart ikkje halda plassen min i hovudfeltet. Til veksling på den siste runden
var eg heilt på halen og måtte etter kvart sleppa. Eg trilla inn på 57 plass
nesten 3 min bak vinnaren Andreas Minge - Fredrikstad SK. Han var ein av åtte
ryttera som var igjen av ti-mannsbruddet som gjekk heilt inn. Dei to siste
rundane var det fire velt og mykje usikker køyring. Trass i eit ikkje heilt
optimalt resultat er eg ok nøgd med innsatsen og glad eg kom frå det heile med
helsa og utstyret i god behold. Her er ein liten film med Vidar Mehl (180) som
har maksimal uflaks og går ned for telling berre 3 km før mål:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar