mandag 13. juni 2016

Store oppturar og nokre nedturar under Noregscuphelg nr. 3!

I helga har det vore "Jæren sykkelfestival" med tredje runde i Norgescup'n landeveg. Laurdag var det gateritt ranking og sundag fellesstart.

Kjetil Isaksen knalla til med eit kjemperitt laurdag, og var nr 12 under gaterittet. Han fekk same tid som vinnaren, Kristoffer Halvorsen (Team Joker). Ketil seier i ein kort kommentar; "Det gjekk styggfort i dag, dei siste tre rundane snitta me over 50 km/t. ". Kjetil har no etablert seg i Noregseliten på gateritt, etter fleire veldig gode prestasjonar. Veldig morro! Me gratulerar.

Kjetil i aksjon under criteritumsrittet på laurdag! Kanonplassering.






Sundag var det fellesstart, og Heine og Kjetil sat fint medd i tetfeltet då det attstår 20 km. Fyrst vert Kjetil diverre teken ned av ein velt. Sykkelen får ein del juling, og Kjetil er sjølvsagt oppskrapa. Etter 3-4 minutt mekanisk pause og hjelp frå servicebil, satsar Kjetil på å køyre seg oppatt på bilpes. Det vert ei knallhard økt, men diverre når han berre nesten fram att til hovudfeltet. Synd for Kjetil i dag, som hadde køyrt "rimeleg" heile dagen og hadde masse krefter att til avsluttinga.

Litt lenger framme, medan Kjetil har vore i asfalten, vert Heine hindra av ein ny velt. 10-15 mann går ned, og Heine klarar akkurat å gå klar. Men feltet forsvinn og gruppa Heine må jaga knallhardt. Dei klarar diverre ikkje å koma seg oppatt. Heine seier i ein kort kommentar; "Positivt i dag at eg kom meg til mål, eg følte meg bra og hadde masse krefter att når eg vart hindra av velt når det attstod omlag 15 km. Diverre var det ikkje mange nok sterke i gruppa mi, og det vart mykje tauing på meg".

Me kjem attende med meir!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar