Hallingrittet 2016 hadde værgudane på si sida i dag. Regna godt i går, og meldt godt med regn i morgon, men på rittet i dag var det sol og lettskya. Vossevangen CK stilte med tre ryttarar: Ola Blikberg Herheim i 9-10 årsklassen, Johanne Blikberg Herheim i 11-12 årsklassen og Rune Herheim i pulje 1 for dei vaksne. Både Ola og Johanne viste gode takter - Ola med styrke og Johanne med teknikk. Ungdomane fekk bryna seg, for dei sykla traseen som er det siste stipartiet i dei vaksne si løypa. Rune viste også gode takter og tok ein solid sjuande plass totalt, og ein andreplass i klasse M35-39. Trykk "Les mer" for resultatliste, fleire bilete og Rune sin rittrapport.
Resultatliste finn du her.
Rune sin rittrapport:
Resultatliste finn du her.
Rune sin rittrapport:
Huslyden Blikberg Herheim stilte fulltallige til årets
Hallingritt. Ragnhild var
støtteapparatet, medan Ola, Johanne og eg sykla det me kunne. Oset
Høgfjellshotell og Hallingrittet tilbyr ei flott oppleving for familiar, med
ein imponerande middagsbuffet, fantastisk turterreng, diverse aktivtetar
utandørs, basseng innandørs og ikkje minst sjølve rittet. Tok oppvarming saman
med Ola og Johanne i dag. Stilte meg opp i fremre del av startfeltet. Starten
gjekk fint, og eg fann meg ein grei plass i pulje to i den fyrste stigninga. Såg
at ei lita gruppe seig i frå, men tenkte fyrst at det var ok. Merka at eg syns
farten var litt låg, og då Tollefsen frå Kongsberg klemde til tok eg hjulet
hans. Me fekk fort luka, og tok innpå teten. Eg såg han hadde fulldempar, og
hadde god tru på at han skulle dra meg heilt fram til teten på det fyrste
terrengpartiet. Det skjedde ikkje, og i nedkøyringa etterpå vart me tekne att
av to andre. Vidare i rittet vart eg syklande samen med 3-5 andre, og me hadde
fem framfor oss. I det lengste motbakkeparitet trykte eg på litt ekstra slik at
me tok att to som hadde sluppe teten. Då vart me ei gruppa på seks ryttarar som
kjempa om fjerdeplassen. Kjende meg meg pigg både på sti, grus og motbakke –
heilt til me kom til motbakken opp alpint-anlegget ved Storefjell. Det vert for
bratt for meg, og då mista eg overtaket på dei andre i gruppa. Måtte sleppa
10-15 sekundar, men køyrde det greitt inn att på sti og grusen etterpå. I siste
stigninga opp grusvegen til hyttefeltet ovanfor Oset måtte eg sleppa 5-10
sekundar, men klarde for andre gong å køyra meg oppatt på halen. Stipartiet til
slutt gjekk greitt, og eg klarde å ta sjuande plassen til slutt. Hadde 57
sekund opp til 3. plass, 12 sekund opp til 4. og var 3 sekund frå å vinna
klassen. Godt nøgd, kjekt med familien med og neste år bør fleire frå
Vossevangen CK ta turen til Golsfjellet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar