mandag 11. september 2017

ÅRSFEST OG LAGSMEISTERSKAP 7.10.17.

Gode klubbveneer. Vossevangen CK legg årsfesten til Vossevangen Bodega. Der får me servert ein tre-rettar basert på husets spesialitetar, samt at det vert servert høveleg drikke for einkvar smak. Chambre Separee må vite...

Lagsmeisterskapet starter med at me samlast ved Meieriet og syklar roleg i samla tropp til Granvin. Der vert det mogleg å levere litt klede og liknande, før rittet startar på sykkelstien ved sør-enden av vatnet. Målgang vert på toppen av skjervet, og her vert det sjølvsagt både kaffi og mineralvatn. Så snart påmeldingsfristen er ute vil sportsleg komite setje opp startliste etter "omvendt Gunder". Dei antatt raskaste syklistane startar altså sist, og sjølv om me skal få på plass individuell tidtaking, er det knytt stor prestisje til å nå toppen fyrst....

Datoen er 7.10.17. Sykkeltur frå Meieriet kl. 14.30 og Fellesstart frå Bodega kl. 19.00.

Eigenandel kr. 100. Påmelding på FB eller pr sms til underteikna på 9690 2216 innan 22.9.17.

Vonar flest mogleg har lyst og høve, og gjerne saman med sin bedre halvdel!

Mvh
Dag T





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar