mandag 4. september 2017

Dokka Rundt

Laurdag 2.september sykla Heine N. Liland Dokka Rundt, etter ein sesong der mykje vart øydelagt av sjukdom i vår er det godt å sjå at Heine begynner å komma tilbake i godt slag og på laurdag klinka han til med ein sterk 2.plass.








Her er rapporten me har fått frå  Heine:

Etter ein sesong med formsvikt, lite trening og få konkurransar er eg endelig komme igang igjen med konkurransar. 2 september deltok eg på Dokka Rundt, eit ritt på 83km med start og mål på Sem i Tønsberg. Løypa er relativt flat og inviterer til høg fart. Eg kom på start og fann ut at eg hadde meldt meg på i feil gruppe, og skulle starte 5 min etter elitegruppa. Altså, som vanlig litt surrete.. Heldigvis var det håp, då eg drog kjennsel på andre sterke ryttere som også skulle starte i denne gruppa. Eg bidrog til høg fart frå start og var fast bestemt på at me skulle og kunne køyre inn igjen elitegruppa! Dessverre var dei fleste andre noko lite samarbeidsvillige frå start og virka til å ha nok med å ligge bak. Eg gjorde fleire brotforsøk, men klarde ikkje komme meg av gårde på grunn av motvind som gjorde det vanskelig. Halvvegs snudde me retning tilbake mot Tønsberg og fekk vinden i ryggen. Etter 4 mil og på første forsøk med vinden i ryggen kom eg meg av gårde i brot saman med to andre ryttera frå Bærum OCK/WSRR. Me fekk fort ei god luke før avstanden til hovudfeltet stabiliserte seg. Me sammarbeida bra og klarde å halda avstanden til eit illsint, jagande hovudfelt heilt til mål. Me kom inn vell 20 sek før hovudfeltet og køyrte 3 min raskare enn elitegruppa (me tok dei nesten igjen då..).
Dei tre beste:
1. Dag Aalvik – Bærum OCK/WSRR 2:02:03
2. Heine Liland – Vossevangen CK 2:02:03
3. Lars-Christian Unger – Bærum OCK/WSRR 2:02:03




Komplette resultat kan du sjå her


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar