søndag 29. juli 2018

Bjarte og Rune med 4. plass i Offroad Valdres

Foto: Ola Morken
Bjarte og Rune sykla Offroad Valdres denne helga. Eit styrkeprøve av dei sjeldne, med 154 km stisykling i Valdresfjødle og start og mål på Fagernes. Trass i nokre utfordringar undervegs, tok Bjarte og Rune med seg heim ein sterk 4. plass. Vinnarar vart Birk Sport Racing med Lars Granberg og Odd Erlend Hansen. Rittet var i år noko lengre enn dei to fyrste åra, og med rekorddeltaking både i antal
og nivå på deltakarane. Sjå resultat her, og les Rune sin rapport under.

Bjarte og eg sjekka fredag kveld inn på Scandic Valdres. Kvelden gjekk med til ryttarmøre, pakking av sekkar og planlegging. Laurdag morgon var det opp grytidleg og noko overraskande so vakna me til regn. Været var likevel meldt bra, og so lenge me sykla fort ville me koma i mål før regnet kom att. Det starta med ein lang master langs Strandafjorden før det braka laus opp lie. Me fylgde planen og heldt bra att, både fyrste halvtimen på grus og den neste timen og to på sti fram til fyrste pitstopp på Gommobu. Diverre fekk Bjarte tidleg problem med ryggen, så me laut ta omsyn til det resten av rittet. I periodar var ryggen betre, og då hadde me ganske so bra driv. Etter om lag fire timar heldt Bjarte sin sykkel på å gå i oppløysing. Etter litt kartlegging og fundering fann me ut at hovudbolten i bakdemparen var på veg ut. Me fekk skrudd bolten på plass, men dette skulle visa seg å verta eit vedvarande problem. Bolten levde sitt eige liv, og me laut halda han med oppsyn og stoppa for ettersnøring 3-4 gonger. No er Offroad Valdres eit sopass ekstrem ritt, slik at dei fleste laga støytte sikkert på problem av eit eller anna slag. Fleire av dei beste maratonryttane stilte lag, og på grunn av trøbbel med sykkel og/eller ryttar måtte til dømes både Vidar Mehl sitt lag og Saw & Bjerkeset bryta. Dette gjorde at me til slutt kom heilt opp på 4. plass, og det er me strålande nøgde med. Det var faktisk berre 13 min opp til pallen og 18 min opp til andreplass, og det er ikkje mykje på eit slikt ritt med 8-9 timar ritt-tid (for dei raskaste). Offroad Valdres er eit fantastisk ritt men heilt kolossalt flotte stiar i nydeleg høgfjellsterreng. Opp og ned, hit og dit, med kilometer på kilometer med flytsti (og nokre litt meir krevjande parti). Me vil tilrå at fleire frå klubben stiller neste år!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar