onsdag 4. juli 2018

Ein liten oppsummering av vårsesongen.

VCK sin presseansvarleg har vert litt slapp i tenesten og diverre er ikkje alle i VCK like flinke å sende inn rittrapporter som Kjetil, men her kjem ein liten oppsummering av det nokon av VCK-medlemmene har vert med på så langt i sesongen.



Paul Skeie sykla i mai Skjærgårdsrittet der han kom inn i vinnarpulja, veka etter var han med på Nordhordaland Rundt der han enda på 41.plass(5 i klassen) berre 1.46 bak vinnaren.






Rune Herheim har deltatt på alle 3 ritt i Sykkelbutikken MTB Cup. Forutan på Bømoen, som me alt har skrevet om, vart han nr.4 i Krohnegården 25. april. 
6. juni vart han nr.7 på Frotveit etter punktering.

Rune og Thomas Vethe sykla også Sund Fellesstart, Thomas sykla inn til ein fin 10. plass i klassen M16-17, og Rune satt med teten til mål og kom inn som nr.39, berre 9sekund bak vinnaren.




Bergsdalen opp 2018


16. juni var det klart for Bergsdalen opp, den nesten 4km lange løypa, med tett under 10% jamn stigning kan vera hard nok i seg sjølv, i år var det strålande sol og lett motvind oppover dalen.
Heile 10 stk. frå VCK hadde tatt turen til Dale for å prøva seg i Bergsdalen.
Sterkaste VCKar vart ikkje uventa Filip Eidsheim som kom inn på ein sterk 4.plass, berre 7 sekund frå 2. plassen. Jon Sæverås Breivold (Bygdø IL) vann overlegent med nesten minuttet ned til neste mann, Andreas Hosøy (Fana) og Sander Dybvikstrand (Christiania Velociped Klubb)
Sindre Hirth kom inn på ein sterk 6. plass, 1:29 bak.
 Thomas Vethe, Rune Herheim og Geir Ove Byrkje kom inn som nr.8,9 og 10, alle med tida 15:15,  Gjermund Kvåle Jordheim brukte 15:47 til toppen og vart nr.11.
 Jon Arild Hellebust var som vanlig uredd og gjekk knallhardt ut, men fekk det litt tungt mot slutten, kom inn på 14.plass med tida 16:52. Det store heimehåpet, Dag Tore Roe brukte 17:26 noko som heldt til ein 18.plass. Nr.20 vart Kristin Eidsheim Sønnesyn  tida 17:35 heldt til ein 3.plass i kvinneklassen. Kjell Andre Tvinde enda på 23.plass med tida 18:34.
Heile 50 syklistar deltok, det er dobbelt så mange som i 2017, men feltet strekte seg fort ut når stigningen starta.


I eit intervju me har vert heldige å fått med Dag Tore Roe seier han følgjande om rittet:


Bergsdalen Opp. Etter DNF med mekanisk i BV skulle eg verkeleg "reise kjerringa" opp brattebakkjen. Sykkelen funka som fjell, og eg kjenner kvar sving, kva kunne gå galt? Vel allereie på Tippen fekk eg prov på at Lance hadde rett når han uttalte at det ikkje handlar om sykkelen. Seinare skulle det jo vise seg at det slett ikkje handla om sykkelen, men det er ein annan sak. Eg måtte sleppe ungdommen tidleg, og deretter handla alt om å kome seg opp utan heilsprekk. Ikkje godtkjent resultatmessig, men veldig kjekt å vera med!


Geir Ove skriv:
Var redd dette kunne verta eit knallhardt ritt etter eg tok ein titt på startlista, 50 stk. til start og mange sterke ryttarar. Ut frå start gjekk det fort gjennom tunnellen og inn i bakken, der strekte feltet seg fort ut og det danna seg nokre grupper, Thomas, Rune og eg vart liggjande bak Gjermund som drog knallhardt oppover første halvdel av Bergsdalen, me andre hadde nok med å halda hjulet hans, ved tunnelen begynte det (heldigvis) å gå litt tyngre for han og eg fekk roa pulsen litt, derfrå bytta me litt på å dra og det enda med spurt som Thomas tok framfor Rune og meg













Foto:CBSPhoto

Sjå resten av CBSPhoto sine bilder frå Bergsdalen Opp her:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar