søndag 21. juli 2019

Bjarte og Rune nr. 3 på Offroad Valdres

Offroad Valdres gjekk av stabelen i helga. Dette er eit ritt for dei som likar å sykla langt og lenge på dei fantastiske stiane dei har i Valdres. Bjarte og Rune representerte Vossevangen Ck i lagtevlinga på heilvegsdistanen som denne gongen var 125 km. Dette gjorde dei på framifrå vis og henta
heim ein sterk 3. plass. Me gratulerer! Sjå resultatlista her, og les gjerne rittrapporten deira under.

Offroad Valdres 2019 rittrapport
Bjarte og eg gjorde som i fjor og tok turen til Fagernes for å sykla Offroad Valdres. Rittet er ei fantastisk utfordring for dei som likar flott natur, trivlege folk, herleg stisykling og å peisa på over lang tid. Masterbilen slapp oss og feltet starta på den langa grusklatringa opp frå Strandafjorden. Bjarte og eg veit det er eit langt ritt, så me sykla ganske kontrollert opp der. Låg på ein 6.-7. plass då me starta sti-syklinga. Me skulle trykka på litt og litt meir utover i rittet og var på veg å få opp litt damp då Bjarte tok ein kvalitetssjekk av Valdreslyngen på grunn av ein stokk i framhjulet. Litt kjapp fiksing av eit styre ut av stilling, så var me i gang att. Fyrste sjekkpunkt var Gomobu. Der var planen å sykla rett forbi sidan det ikkje var pålagt nokon pause. Diverre var ikkje drikkesekken til Bjarte samarbeidsviljug, så me la att gode to minutt for å fiksa den. No hadde det etter kvart vorte ganske mange minutt opp til pallen, men me tenkte at det var lagt att, så me fekk berre finna flyten. Halvvegs ut i rittet, etter om lag fire timar, viser Strava at me var nesten 8 minutt bak pallen. Her meiner eg vår beste periode starta. Me fekk auga på ryttarar og byrja å jaga på. Me passerte fleire lag og ryttar, men visste ikkje heilt korleis me låg an fordi det var ei blanding av lag og singelryttarar, og nokon av dei hadde starta oppe på fjellet og deltok på halvvegstevlinga. Då me kom til Sanderstølen etter 85 km (alle lag måtte ta ti minutt pause der), fekk me vita at me var rett i rygg på laga som låg som nr. 2 og 3. Me vart særs nøgde med dette og fylte fata med kjøttsuppa, spretta cola-flaskene og deiste oss på ein grasbakke ved matstasjonen. Diverre fungerer visst ikkje verken Bjarte eller mi biologiske klokka, og då me brått oppdaga at dei to andre laga var vekke, ante me uråd. Tolv minutt! Me slapp matfatet (ber om orsaking for at me ikkje rydda etter oss), heiv sekkane på ryggen og nye flasker på syklane og sette av garde. Me var litt frustrerte over at me hadde somla vekk enno meir tid, men fann grei flyt igjen. Laget på 3. plass hadde gått på ein smell og stod med krampar opp til øyrene då me passerte dei etter 6,5 timar. Me var strålande nøgde med at me låg an til pallplass, og peiste på vidare. Etterkvart såg me også i laget på 2. plass og tok oss ein pause saman med dei og åt lappar på Brattsølen etter 102 km. Trivelege karar, men me såg dei hadde senkepinne og at dei høgst truleg gledde seg storleg til nedkøyringa til Leira. Me valde difor å gje på litt i den siste klatringa opp til Gribbe og fekk to minutt på dei i fylgje Strava. Så starta avsluttingsetappen ned mot Leira. Fyrste delen gjekk fint, men me gjekk på ein lei navigeringssmell då me durte ned ein grusveg me slett ikkje skulle ned. Litt surt å sykla oppatt når du veit det er to drevne nedoversyklistar som jaktar bak. Kort tid etter at me hadde starta på det siste bratte partiet suste dei forbi oss. Me fekk summa oss litt, men ikkje nok til at me klarde å unngå nok ein navigeringsfeil. Då me kom ned til Leira var me 3-4 minutt bak, og det verka meir i hender og armar enn i beina. Me trilla uansett særs nøgde inn til ein pallplass i Fagernes sentrum. Både Bjarte og eg er utruleg imponert over arrangementet, og stisyklinga oppe i Valdresfjødle er heilt fantastisk. Me oppmodar alle som likar stisykling, ei fysisk utfordring og god lokalmat om å ta turen til neste år!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar