lørdag 6. juli 2019

Sognefjellrittet 2019

Sognefjellrittet er eit ritt på 137km som går i flott natur frå Lom over Sognefjellet til Skjolden, ut fjorden til Marifjøra, der kjem den siste stigningen på ca. 20minutt opp til Hafslo og så ut til Sogndal der det er målgang.

Me var 3 frå VCK som hadde tatt turen til Lom, Sola skein og det var perfekt temperatur for sykling, det var berre eit problem, kraftig motvind frå start.
Sindre og Geir Ove reiste bort dagen før for å få slappa av litt før starten som var 12.45!(ikkje 13:45 som nokon trudde)
Kjetil tok bussen bort på laurdags morgonen og for direkte til bakeriet som var mål nr.1 for dagen.
Les rittrapportene under for å sjå korleis det gjekk over Sognefjellet.

Sindre:
Da var klart for sognefjellrittet 2019 og været var bra med unntak av ganske kraftig motvind. 3 sterke VCKara stod på start, eg og Kjetil godt oppvarma og klare, og ein med navn Byrkje som kom med innbyttarpuls fordi han 10 minutt før start fekk veta att rittet starta 1 time tidlegare enn han trudde. Vell avgårde prøvde me å få i gang ei rulla, men med kraftig motvind ville mesteparten av feltet kun sitta på hjul. Så me vart køyrande 10-12 mann på rulla og resten satt bak. Det vart litt støyting og me var ein 8 mann som rykka litt ifrå resten, men me vart køyrd inn igjen ganske kjapt. Ein 5-6 kilometer før Sognefjellet, kom det ein liten knekkar og ein liten lett klatrar rykka litt ifrå med meg på hjul. Plutselig kjem Kjetil susande forbi og eg kasta meg på hjulet hans so fort so mulig. Me fekk ganske fort ei brukbar luka og det såg ikkje ut som dei andre verken var intrisert i å følga etter oss eller å køyra oss inn, so me fortsatte å køyra på i motvinden. Opp på toppen av Sognefjellet hadde me fått over 6 minutt og med Kjetil sine kjempekrefter over fjellet vart avstanden berre større. Nøytrale sona ned Sognefjellet brukte me til å pissa, fylla flaskene og få i oss litt næring. Når me kom ned hadde vinden stilna og me køyrde lagtempo til mål. Kjempestas med 2 VCKara solo til mål, med 14 minutts margin ned til forfølgarane. Ein topp dag på sykkelsete vart avrunda med att Geir Ove kom inn med gruppa bak på delt 3 plass som gjorde att VCK fylte pallen.


Kjetil:
Etter kanelboller på Lom bakeri, samt se Geir Ove gjøre seg klar på 3-4 minutt (trodde starten var 1 time seinere) var vi klare til start. 20 grader, sol og sterk motvind. Ut fra Lom prøver vi å få til ei rulle nesten umiddelbart. Får å komme seg til foten av Sognefjellet tenkte jeg det var beste løsning. I åpne parti går rulla i knappe 30 km/t. Det er mange som vil ha en rolig start, evt spare seg til klatringene så rulla blir fort liten. En del av de antatt sterkeste sitter også på halen, så da vil enda færre dra. Da blir det litt støting i front. Noen av de som støter stopper fort opp. Så første skikkelige støt blir Sindre og meg. Vi får raskt 15-20 sekund. Dette er alt etter 20 km. Merker jeg er litt spent på så tidlig brudd i så kraftig motvind. Fremdeles er det lange flater før Sognefjellet. Men vi kjører jevnt og jobber godt sammen. Første del av fjellet kjører vi ganske hardt. Av fysiologiske grunner er Sindre mest i front. Når det tipper nedover tar jeg over. På flatene kjører vi god lagtempo. Siste halvdel kjører vi kontrollert, men med bra trøkk. På toppen av hårnålsvingene ser vi langt tilbake. Noe overraskende er det ingen å se. Vi bestemmer oss for å kjøre hardt over fjellet, før vi kan hvile i nøytral sone ned fra fjellet. Vi får da høre at vi leder med 6 minutt(!). Etter påfyll av mat og drikke er vi klare for Lustrafjorden. Vi veit ikke hvor hvor mange som kommer i gruppa bak og hvordan samarbeidet er, så vi holder trøkket videre. Heldigvis er det mye mindre vind, og ganske så fint med god sommertemperatur. På dette strekket får vi ingen sekunderinger, så vi kjører på. Vi holder snitt på ca 40 km/t ut fjorden. Absolutt respektabelt etter mange timer i brudd. Først når vi kommer mot toppen av Hafslo stigningen får vi ny sekundering. Dvs mor og far Hirth sier luka er stor. Videre mot Sogndal kunne vi satt ned tempoet litt. Likevel holder vi trøkket hele veien til mål. Veldig moro å krysse mål etter nesten 4 timer i brudd med lagkompis! Og sannelig kaprer Geir Ove tredjeplassen. God uttelling og god stemning!




Geir Ove:
Var klar til start, men hadde fryktelig god tid heilt til Sindre sa det var 10 minutt til start og ikkje 1time og 10minutt som eg trudde. Heldigvis var eg og sykkel klar, så det var berre å få på sykkelsko, hjelm og fylle lommene med mat, Varma opp 78meter og stilte meg på startstreken. Me rulla roleg ut frå Lom og eg la meg litt bak i feltet og fortsette oppvarminga min der, merka eg hadde unormalt høg puls første 15-20minuttene, men det gjekk seg til etter kvart. Når eg følte meg klar la eg meg litt lenger fram og var med i rulla nokre runder før Sindre og Kjetil støyta og fekk luke, dei var ikkje veldig langt framfor oss, men det var ingen forsøk på å køyra dei inn. Rulla begynte å gå igjen og eg var med rundt ein runde eller to før eg stoppa når eg var bak i rulla og me blei liggande på ei lang rekke igjen, gjorde dette nokre gonger og såg Sindre og Kjetil forsvinne i front, etter dette vart me liggande mykje på to rekker til stigningen starta.
Det vart støyting i bakkane og feltet vart mindre, når andre del av stigningen starta var det ei gruppe som fekk 30-40meter på oss, eg følte meg IKKJE sprek og hadde slått meg til ro med plassen min i gruppa bak før eg kom fram til at dersom eg kom meg opp til dei andre kunne eg klare målet som var å slå fjorårsplasseringa(11.plass)
Eg trakka til det eg klarte og kom meg akkurat opp på halen før det flata litt ut og motvinden fekk skikkelig tak igjen. Det gjekk seint oppå fjellet før me trilla ned til Fortun. Me var 8-10 stykk utover fjorden, og for de meste 4-5 som jobba og resten hang på slep, dette  førte til ein del irritasjon og misslykka støyting. Eg visste me kjempa om 3.plassen og eg tenkte det hadde vert stas med VCK på 1,2 og 3.plass, så eg la ein plan for stigningen opp til Hafslo. Det var det nok ikkje berre eg som hadde gjort for når me kom inn i eit av dei brattaste partia støyta dei 2 som eg hadde sett på som sterkast i pulja vår, eine fekk ca.10 sekund på oss og den andre litt meir, men luka vart ikkje større så eg bestemte meg for å prøve å auke farten gradvis for å få folk til å dette av ein etter ein for eg viste det var langt frå toppen til mål og dersom eg hadde hatt ei stor gruppe som jaga bak meg hadde dei tatt meg igjen før mål og eg veit at spurten min ikkje er.....ein spurt.
Det gjekk nesten etter planen, men me var fortsatt 6 igjen på toppen, det vart litt støyting inn mot Sogndal, men ingen kom ifrå, så me delte 3. plass.
Godt nøgd med dagen, kroppen fungerte bra, resultatet vart bra og det var moro og køyre ritt igjen.
Det var ein kjekk tur med Sindre og Kjetil sjølv om eg ikkje såg så mykje til dei undervegs i rittet, og stas med VCK på topp 3(sjølv om eg måtte dele 3.plassen min)

 


 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar