Sist onsdag gjekk fyrste ritt av årets
Sykkelbutikken cup av stabelen på Milde, Hjellestad. Vossevangen CK stilte med fire ryttarar. Ola Blikberg Herheim og Johan Berge Børsheim tok ein fin-fin dobbeltsiger i klassen
som sykla 45 minutt. Rune Herheim vart nummer to og Geir Ove Byrkje nummer tre i klassen for dei som sykla 1 time. Løypa på Milde skilde godt, med seige motbakkar og nokre friske nedkøyringar. Det vart mirakuløst nok opphaldsvær under rittet og forholda var fine trass mykje nedbør i forkant. Alle fire var godt nøgde med turen, trass i at både Johan og Geir Ove fekk seg ein solid tur over styret. Sjå fleire bilete og videoar under, og
resultatlister finn du her. (Foto: Sjur Børsheim)
 |
Ola og Johan på pallen |
 |
Rune og Geir Ove på pallen |
 |
Rune i farta |
 |
Geir Ove i farta |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar