søndag 24. juli 2022

Valdresrittet: Bjarte og Ola på pallen

Siste stiparti, ungdomsrittet
Laurdag 23.7 gjekk Valdresrittet av stabelen. Vossevangen CK hadde berre to til start, men dei gjorde til gjengjeld særs godt. Ola vart nr. 2 totalt på rittet for dei mellom 13-16 år, berre 12 sekund bak vinnaren. Bjarte tok ein fin 3. plass i M50-54, den største klassen med heile 44 ryttarar til start. Resultatlister finn du her, og fleire bilete, ein video og ein liten rittrapport frå Ola kjem nedanfor her.

Ola sin rapport frå rittet:
Det gjekk fort ut frå start, men roa seg fort ned. Me vart ei gruppa på fira mann som sykla i lag. Me blei tre då han eine sykla feil men han kom opp att. Eg køyrde ut av løypa på eit tidspunkt men heldt meg på sykkel, men då eg kom opp att kom det ein skikkeleg knekkar. Med godt over 200 i puls kom eg med over toppen. Dei siste kilometerane var sti der det vart køyrd fort. Det sprakk opp og eg var 12 sekundar bak vinnaren i mål. Kjekt ritt!

Bjarte på pallen i M50-54!

Ola på pallen på ungdomsrittet, M13-16





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar