søndag 7. august 2022

Bjarte og Rune med siger på Offroad Valdres

Laurdag 6. august gjekk Offroad Valdres av stabelen. Det er eit terrengritt som omtrent utelukkande går på sti, og på Golsfjellet er det fantastiske stiar. I utgangspunktet er det eit ritt for lag på 2-3 ryttarar, men no kan også singelryttarar delta. Det var to distansar, ein på 89 km som vert kalla halvvegs og ein på 125 km som vert kalla heilvegs. Bjarte og Rune stilte på 89-kilometeren, og der var dei suverene i lagkonkurransen og vann med nesten 1 time. Dei tok etterkvart også att dei raskaste singel-ryttarane og var fyrst i mål av alle på 89-kilometeren. Sterk køyring, i alle fall når me veit at dei har hatt diverse skavankar siste tida. Les rittrapportane og sjå bileta under.

Bjarte sin rittrapport:
Planen var at eg og Thomas skulle stille lag i halvvegs, men sidan han fortsatt ikkje er klar for konkurranse, vart det ikkje noko av. Tenkte då å køyre i singel klassen, men etter litt fram og tilbake så steppa Rune inn og var og klar for å sykle, etter skaden med skuldra. Me fann me ut at me skulle stilla lag i halvvegs. Me starta kontrollert ut frå start ved Gomobu, og me må navigere etter gps spor. Dei andre køyrde feil etter 5 min, så då var me i tet. Etter ei kraftig utforkøyring losna setet mitt. Når me hadde køyrt i ca. 30 min var setet så laust og skeivt at me måtte stoppe og feste det. Fortsatt var me i tet, kun 3 frå singelklassen var foran. Me fortsatte å køyre sterkt på stiar. Stiane var tørre, så det var lett å halde høg fart. Etter ca. 3 timar måtte me innom kontrollpost på Gomobu, kor alle hadde 10 min obligatorisk stopp, der fekk eg på nytt festa setet. Der fekk me også sekundering på at me var ca. 3 min bak dei som leda singelklassen, blant anna regjerande norsk meister i terrengsykling. Vart ekstra gira på å køyre dei inn og etter ca. halvkøyrt på andre runden såg me dei. Dei hadde problem med navigeringa, så me køyrte i lag med dei og me køyrte såpass fort i utforkøyringane og dei klarte ikkje å køyre i frå oss. Så me hadde eigentleg full kontroll på dei og Rune og eg passerte målstreken nett foran dei i Fagernes. Me vart dermed raskaste uansett klasse på halv distanse som var 89 km, full distanse var 125 km. Me var godt nøgde med løpet sidan Rune har hatt sine skadeproblem og eg har slitt med operasjonar i handledda siste halvåret og ein kraftig covid som har satt meg langt tilbake. Men veldig moro å køyre, me fann vel ut at dette var av det raskaste me hadde køyrt gjennom alle våre tidlegare deltakingar.

Rune sin rittrapport:
Doktoren sa eg kunne gløyma terrengsykling dette året då eg fekk skuldera så inni granskogen ut av ledd på NM rundbane 20. juni. Men med systematisk opptrening og uhorveleg kjedelege øvingar, så er det rart kva som kan gå. Bestemte meg for ei veka sidan at eg ville melda meg på OV som singelryttar og ta det som ein halvhard langtur. Rett før rittet viste det seg at Thomas framleis ikkje er pigg nok for ritt, så då fann Bjarte og eg ut at me kunne stilla som lag. Sidan begge dreg på åra og helsa ikkje er kva den var, vart me samde om at 89 km var langt nok. På bøy-og-tøy helsetesten kvelden før fann me ut av ingen av oss klarte å nå bak i lommene våre på ryggen, så det var ei guds lukka at alle må stilla med sekk. Men då rittet starta, forstod eg raskt at dette kunne gå overraskande bra. Bjarte var i veldig godt slag, og sjølv om me starta kontrollert gjekk det radig unna og me låg langt framme. Diverre rauk nokre minutt då setet til Bjarte losna slik at 4-5 singelryttarar fekk luka på oss. Me sveiva i gang att og det gjekk unna både oppover, bortover og nedover, med god flyt og svært god navigering. Det enda med at me stadig tok att ryttarar som sykla 125 km (dei starta to timar før oss), og ikkje minst tok me att alle som var før oss på 89-kilometeren og var fyrst i mål på den distansen. Ein kanon-dag på stiane i Valdres!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar