søndag 16. april 2023

Kanon sesongstart for Kristin og Ola

Fana IL Sykkel skipa denne helga til tre ritt: Myrdalen opp, Stend gateritt og Rådalen rundt. Tre framifrå ritt i strålande vær. Kristin Sønnesyn Eidsheim, som vart mor for berre fem månadar sidan, overraska alle, inkludert seg sjølv, då ho sykla inn til ein krutsterk andreplass i kvinner senior, rett bak Emma Dyrhovden frå Åsane CK og med Vita Heine frå Fana Sykkel på tredjeplass. Ola Blikberg Herheim deltok i alle tre ritta og fekk med seg heim tre pallplassar, ein andreplass på motbakketempoen og to tredjeplassar på fellesstartritta. Han har teke nye steg frå i fjor, og saman med dei to Fanaryttarane Filip Glesnes Smørås og Kristian Haugetun, skilde dei seg ut som dei tre klart sterkaste i M15-16. Me gratulerer både Kristin og Ola med kanon sesongstart og ynskjer dei lukke til med dei neste ritta.


Pallen M15-16, Myrdalen bakketempo

Pallen kvinner senior Rådalen rundt



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar