tirsdag 6. juni 2023

Ny runde med tinging av kle – frist 12.6!

No kjem ein ekstrarunde med tinging av VCK-kle! Nettbutikken er open fram til og med måndag 12. juni! Klikk deg inn på denne lenkja for å koma til nettbutikken. Dei som har konto frå før kan bruka same påloggingsinfo som før, de andre må registrera ny konto.

No kan ein endeleg få kjøpa lause armar og bein med VCK-logo, Vossevangen caps og både svarte og

kvite VCK-sokkar!

NB: Det er viktig at de les gjennom informasjonen som ligg under fana INFO. Der forklarar dei om dei to modellane dei har, Icon og Epic, om leveringsinformasjon og storleikar. Du kan ikkje levera innatt kle viss dei ikkje passar, så gå over kroppen din og ta ærlege mål av bryst, mage og hofter. De veit kva proffsyklistane seier: ta mål to gonger, tinga ei gong. Klubben støttar 35 % av prisen på alle kle i klubb-design til alle betalande medlemmer – prisane er justerte i nettbutikken.

NB2: Alle som skal sykla ritt og ynskjer å få refundert startkontingentar må sykla i årets modell.

NB3: Me fekk heilt nytt design i 2021, og det er likt i år også, men i fjor fekk me ny sponsor i Lirhus maskin på armane og Endeve har fått oppdatert logo på stjærten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar