søndag 4. juni 2023

Bergsdalen opp: Guro med siger og Ola med andreplass

Laurdag 3. juni var det tid for Bergsdalen opp. I flott sommarvær vart ryttarane gode og varme dei 4 kilometrande med 10 % opp til Bergsfossen. Guro Rong sykla sitt fyrste sykkelritt nokonsinne og klinte til med siger i fyrste forsøk og var raskaste totalt i heile dameklassen med 17:32. Det ser ut til at Guro bør sykla fleire sykkelritt framover. Ola Blikberg Herheim tok andreplass totalt i

herreklassen med den raske tida 13:36.




1 kommentar:

  1. Imponerande. Lovar godt, Guro! Ola er jo alt ein etablert syklist, men til lukke til han òg!

    SvarSlett