søndag 22. oktober 2023

NC Sykkelkross: Ola på pallen!

I helga vart Norway Cross skipa til i Oslo på Grønmo av IF Frøy. Dette var det 5. og 6. rittet i noregskøppen i sykkelkross. Ola Blikberg Herheim stilte for Vossevangen CK. Han vart nr. 10 og 11 på NC-ritta sist helg trass mykje teknisk trøbbel med sykkelen. På laurdagens Norway Cross ritt vart det totalt utstyrshavari etter to runder og ein DNF, men han fekk vist interessante tendensar. Etter intens tråling i dei største sykkelbutikkane i Oslo laurdag ettermiddag kom naudsynte delar på plass. På dagens ritt skapte ikkje sykkelen noko trøbbel, og brått sykla Ola seg heilt opp på pallen. Det må kunna klassifiserast som ein skrell, sett i ljos av dei føregåande ritta og nokså dårleg startposisjon. Men han brukte dei to fyrste rundane til å passera mange ryttarar og ta att dei som låg på pallen. Til slutt kom han seg i mål til ein imponerande tredjeplass og beste fyrsteårs junior. Sjå resultat her: NC6 Vargkross, og videoar under frå rittet:







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar