mandag 25. august 2025

Ny framifrå NC-helg for Vossevangen CK

Foto: Bike_Fit_Studio
I helga som var skipa Glåmdal SK og Asker CK til den fjerde av dei fem Noregskøpp-helgene for landevegssykling. Vossevangen CK hadde med Ola Blikberg Herheim i menn junior og Marius Flatebø og Thomas Vethe i menn elite. Ola imponerte med andreplass både på tempoen fredag og fellesstarten laurdag. Med det sikra han seg truleg samanlagtsigeren i Norgecup tempo, tok over leiinga totalt på NCF ranking og ligg som nummer to i Norgescupen for junior. Marius

søndag 17. august 2025

Internasjonalt gjennombrot for Ola på 18-årsdagen

Denne veka sykla Ola Blikberg Herheim, Vossevangen CK, Nations Cup i Ungarn for landslaget. Nations Cup er det høgste nivået i internasjonal juniorsykling. Med 38 grader i skuggen, steikande sol, to paddeflate fellesstartritt på 147 km og 89 km og ein kort by-prolog på 3,6 km til slutt, var dette ritt som i utgangspunktet ikkje passa Ola. Likevel hadde internasjonale instragrammarar Ola som ein av favorittane i samandraget på grunn av sigrane han har i år på tempoar i Noregskøppen.

fredag 15. august 2025

Sterk sykling på Noregskøpp på heimebane

Førre helg skipa Vossevangen CK til Noregskøpp på heimebane. Eit stort stykke arbeid vart lagt ned av mange i klubben, og då var det ekstra morro at våre tre ryttarar gjorde det særs godt. Marius Flatebø og Thomas Vethe sykla i menn senior og Ola Blikberg Herheim i menn junior. Både Marius og Thomas sykla truleg sine beste ritt nokon sinne, med Marius sin imponerande 12. plass på gaterittet laurdagen og Thomas med 19. plass på fellesstarten sundag. Ola imponerte på tempoen på fredagen, der han i same regnværet som menn senior tok andreplass i juniorklassen og femte raskast totalt, berre 6 sekund bak vinnar i menn senior. Ola vart også nummer 4 på