Denne veka sykla Ola Blikberg Herheim, Vossevangen CK, Nations Cup i Ungarn for landslaget. Nations Cup er det høgste nivået i internasjonal juniorsykling. Med 38 grader i skuggen, steikande sol, to paddeflate fellesstartritt på 147 km og 89 km og ein kort by-prolog på 3,6 km til slutt, var dette ritt som i utgangspunktet ikkje passa Ola. Likevel hadde internasjonale instragrammarar Ola som ein av favorittane i samandraget på grunn av sigrane han har i år på tempoar i Noregskøppen.
På fyrste etappen var Ola fyrst i eit sjumannsbrot som etterkvart vart henta. Etter ni mil kom elleve svært sterke ryttarar avgarde, og der var Ola med. Mot slutten kom tre ryttarar laus frå brotet, men med to kilometer att klarte Ola å koma seg opp til dei. Då gjekk to av dei kontra på direkten, slik at Ola enda med å spurta om tredjeplassen mot to andre. Det klarte han og tok med det sin fyrste pallplass i eit UCI-ritt, og med fire bonus-sekund inntok han også tredjeplassen i samandraget.
Dagen etter, på Ola sin 18-årsdag, var det ny fellesstart, og her vart det samla felt mot mål. Ola køyrde opptrekk for lagkameraten Filip Smørås, og med 250 meter til mål spurta Filip inn til klar siger og Ola forsvarte tredjeplassen i samandraget med sin 16. plass. Siste etappen var by-prologen med mange svingar og akselerasjonar, og som dermed passa best for større, meir spurtsterke ryttarar. Ola måtte levera varene, for det var fleire ryttarar få sekund bak han i samandraget. Med ein 8. plass, sju sekund bak Filip som tok sin andre siger, forsvarte Ola tredjeplassen i samandraget. Med ein 3. og ein 8. plass samt 3. plass i samandraget i eit Nations Cup ritt, fekk Ola sine sterkaste resultat til no. Det vart med andre ord ein særs vellukka 18-årsdag.
 |
Pallen i samandraget etter siste etappe |
 |
Ola tek spurten om 3. plass på 1. etappe |
 |
Pallen etter 1. etappe |
 |
Ola i brot tidleg på 1. etappe |
 |
Det norske laget etter siste etappe |
 |
Ola fekk 4 stjerner på førehandstips |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar