fredag 15. august 2025

Sterk sykling på Noregskøpp på heimebane

Førre helg skipa Vossevangen CK til Noregskøpp på heimebane. Eit stort stykke arbeid vart lagt ned av mange i klubben, og då var det ekstra morro at våre tre ryttarar gjorde det særs godt. Marius Flatebø og Thomas Vethe sykla i menn senior og Ola Blikberg Herheim i menn junior. Både Marius og Thomas sykla truleg sine beste ritt nokon sinne, med Marius sin imponerande 12. plass på gaterittet laurdagen og Thomas med 19. plass på fellesstarten sundag. Ola imponerte på tempoen på fredagen, der han i same regnværet som menn senior tok andreplass i juniorklassen og femte raskast totalt, berre 6 sekund bak vinnar i menn senior. Ola vart også nummer 4 på fellesstarten sundag. Les rapportane til Marius og Thomas under, og sjå maange bilete på heimesida til rittet.

Marius sin rapport
Skjervet tempo: starta med utruleg gode bein! So prøvde og opna fornuftig. Kom i Skjervet med jækla gode bein og klarte kjøra sterkt på slutten so meget nøgd med tempoen! Bømoen gateritt: igjen veldig gode bein på start og kom i god posisjon tidleg. Var om å gjera og holda plassen og klatra undervegs. Men ein liten sleng på bakhjulet mista eg litt moment men vatt sittande i ei sterk gruppe etter det og fullførte med ny beste plassering i NC, kjempe happy for den!!! Fellestart Bømoen: her va eg bakpå frå start og merka når me kom inn i klettesbakkane at beina ikkje hadde heilt dagen. Kjempa da eg hadde for å ta igjen gruppo foran men klarte det akkurat ikkje. So endte løpet tidlig med punktering på runde 3!! Litt nedtur men ellers kanonhelg!

Thomas sin rapport
Tempoen: etter mykje mengde var beina ganske seig heile veko før tempoen, men følte meg grei når eg fyrst kom litt ut i løpet, men skjervet vart brutalt. Heilt ok dag men veit eg kunne kjørt bedre. Gateritt: hadde jækla god og hard oppvarming, men litt sein ut på start og kom langt bak i felte. Kjørte bra og plukka plassa for å komma opp, men når eg nådde halen var mykje av safta allerede brukt. Litt surt når eg følte meg jækla god. Men fekk ein god følelse. Søndagen: regn og vått og viste at detta kom til å bli ein dag for dei seige. satt langt framme og fekk god posisjon inn i bakken på fyrste runde, felte strakk seg og da blei kjørt hardt. Vart grupper og då var da berre å kromma nakjen å setta utfor bakjen so han sa. Kjørte og kriga på heile dagen, satt å kjempa om ein 15.plass men opp bakken på siste runden sa beina stopp. Litt surt men meget nøgd med top 20 og karrierebeste på heimabane! Jækla morro.

Ola på pallen på tempo

Thomas vert langa av Bjarte på toppen av Klettesbakkane

Ola nr. 2 på veg inn Bømovegen

Thomas i front av gruppa opp Klettesbakkane

Tøft bilete


Thomas på gaterittet, turr asfalt!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar