søndag 21. september 2025

Strålande sesong krona med EM-uttak

Ola Blikberg Herheim, Vossevangen CK, har hatt ein formidabel sykkelsesong. Han har fått sine fyrste pallplassar i Norgescup, han har vunne fleire Norgescup-ritt og han vann det som kanskje er det viktigaste juniorrittet i Noreg, nemleg Sundvolden GP. Med fleire norgescup-sigrar på tempo vann han klart Norgescup tempo samanlagt. I tillegg vart han nr. 2 på den totale rankinga og nr. 3 samanlagt i Norgescupen, trass i at han måtte stå over siste NC-helga på grunn av matforgiftning. I tillegg har det vorte mange sterke ritt internasjonalt, og særleg Nations cup i Ungarn med 3. og 7. plass på to etappar og 3. plass samanlagt var sterkt. Dette vart krona med uttak til EM i landeveg i Frankrike i oktober, der Ola vart teken ut som

fredag 19. september 2025

Solid siste NC-helg for Thomas og Marius

Thomas i brotforsøk
Førre helg vart årets siste NC-ritt på landevegen arrangert av Grenland SK. Vossevangen CK hadde med Thomas Vethe og Marius Flatebø på Kermis-rittet laurdag og fellesstartrittet sundag. Det vart ei røff helg prega av mykje regn og stor andel grus på sundagen. Laurdagen fekk våre gutar sykla 12 av 15 rundar og kom i mål i same gruppe der Thomas enda på ein 43. plass og Marius på 47. plass. Sundagen fekk berre halvparten av