Ola Blikberg Herheim, Vossevangen CK, har hatt ein formidabel sykkelsesong. Han har fått sine fyrste pallplassar i Norgescup, han har vunne fleire Norgescup-ritt og han vann det som kanskje er det viktigaste juniorrittet i Noreg, nemleg Sundvolden GP. Med fleire norgescup-sigrar på tempo vann han klart Norgescup tempo samanlagt. I tillegg vart han nr. 2 på den totale rankinga og nr. 3 samanlagt i Norgescupen, trass i at han måtte stå over siste NC-helga på grunn av matforgiftning. I tillegg har det vorte mange sterke ritt internasjonalt, og særleg Nations cup i Ungarn med 3. og 7. plass på to etappar og 3. plass samanlagt var sterkt. Dette vart krona med uttak til EM i landeveg i Frankrike i oktober, der Ola vart teken ut som
ein av tre ryttarar til å sykla tempo 1. oktober i tillegg til fellesstarten 3. oktober. Me ynskjer han lukke til i desse to siste ritta som junior!
Denne helga sykla han det store rittet Keizer der Juniors i Belgia for Team Coop-Repsol. Trass i noko kort tid eller matforgiftning sykla han godt i debuten på dei kjende brusteinsbakkane i Belgia, mellom anna Paterberg og Oude Kwaremont. Diverre sykla han ut i ein sving og mista hovudgrupa laurdagen, men kom i mål med neste gruppe. I dag var det fyrst ein kort, flat og svingete tempo på 6 km. Han sykla sterke watt-verdiar, men det var svært glatt då han sykla medan dei siste 30-40 ryttarane fekk sol og turr asfalt. På ettermiddagen var det Kermis-ritt og ein voldsom posisjonskamp heile vegen. Ola låg heile tida topp 10-20, var i eit langt tomannsbrot tidleg, og kom inn med ei godt redusert frontgruppa som 24. mann i mål.
 |
Sigeren på Sunvolden GP heng høgt |
 |
GC-pallplass, Nations cup Ungarn |
 |
Fyrste NC-siger: tempo på Ottestad |
Ola på dagens tempo i Keizer der Juniors
Ola i tomannsbrot på Kermisritt i Belgia i dag
 |
NC samanlagt 2025: Ola nr. 3 |
 |
Ranking alle ritt i 2025 Mjr: Ola nr. 2 |
 |
NC tempo samanlagt 2025: Ola vann |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar