mandag 11. mai 2026

Voss Sparebank med viktig støtte til Vossevangen CK

Voss Sparebank er hovudsponsor for Vossevangen CK, og er allereie med det den viktigaste støttespelar for klubben. I tillegg stiller dei opp med ekstra midlar når klubben har teke på seg store arrangement som Jokerritta i 2024, nasjonale ritt for dei mellom 10–16 år og Norgeskøpp landeveg i 2025 og 2026 for junior og senior, kvinner og menn. I 2025 vart arrangementet råka av eit frykteleg regnver, og då stilte banken opp og betalte naudsynt vegarbeid kvelden før fellesstartrittet. Dei har òg støtta klubben med innkjøp av tre utlånssyklar og det siste dei har gjort er å gje eit stort bidrag til klubben og regionen sitt innkjøp av tidtakings- og målfoto-utstyr. Dette er me særs takksame for og me oppmodar alle våre medlemar om å bruka Voss Sparebank som sin primærbank.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar