lørdag 11. august 2012

Klosterrittet: Bjarte nr. 3., Nikolai 6. og Rune 14.!

I dag vart Klosterrittet avvikla i strålande solskin på Totland/Bontveit utanfor Bergen. Dei fleste av Bergen sine beste terrengsyklistar var med, og totalt var det omlag 150 deltakarar. Vossevangen CK hadde tre mann med som alle viste sterk form. Høg fart frå start, men bursdagsbarnet Rune måtte nedpå i fyrste sving. Han kom seg oppatt til tetgruppa i ein motbakke og kunne då konstatera at det var dei to lagkameratane Bjarte og Nikolai som låg fremst og jazza opp farten.
Inn i fyrste terrengparti hadde tetgruppa skrumpa til ca. 10 mann. Bjarte og Nikolai låg langt framme, lette og ledige, medan Rune måtte gje meter. Etterkvart talde tetpulja berre 6 mann, og både Bjarte og Nikolai var framleis med. Rune var i ei pulje bak som kjempa om 10. plass eit par minutt bak teten. På tredje og nest siste runde måtte Nikolai sleppa, og Bjarte for avgårde med dei to Fana-karane Andreas Hosøy og Joachim Jordan samt Kjetil Larsen frå Hardanger SK. Bjarte kom til slutt på ein sterk 3. plass og Nikolai på ein veldig bra 6. plass. På siste runden mista Rune setet(!) og tapte ein del plasseringar og 3-4 minutt, men kom seg i mål på ein solid 14. plass.

Nikolai seier fylgjande til Vossevangen CK sin web-redaksjon:
"Kom meg bra ut frå start og donka avgårde. Var aktiv i front, og etterkvart blei det danna ei tetpulje på seks mann, deriblant bjarte og meg. Var gjedne litt ivrig på å dra dei to fyrste rundane, og fekk smaka på den berykta "hammern" på 3. runden. Men som folkje seie: "No pain, no gain!". Då klarte tre mann og støta ifrå, og seinare kom bjarte seg opp te desse. Etter ein svart periode klarte eg å samla meg mot slutten og avslutta greit. Bjarte hadde ein positiv kurve på løpet, og blei berre lettare og lettare. Kom inn på ein sterk 3. plass, Nikken klamra seg inn til ein 6. plass."

Rune sa fylgjande til  Vossevangen CK sin web-redaksjon:
"Ettersom eg hadde gebursdag i dag rekna eg med å ha flaksen på mi side. Slik vart det diverre ikkje. Fæla fart utfrå start, og eg klarte å småtryna i fyrste sving. Havna bakpå, men motbakkeformen er bra, så eg klarde å ta att teten. Då terrengpartiet kom var me omlag 10 mann, men då måtte eg sleppa. Utpå andre runden såg eg fire mann bak meg så venta eg litt på dei og danna ei pulje med Morten Forland frå Åsane, Bjørn Christian Larsen frå BCK, Stig Løland frå Fana og ein til som måtte sleppa på 3. runden. Då me starta på terrengpartiet for andre gong kilte kjeda seg og eg måtte igjen starta på ei opphenting. Tok dei tre andre att i langbakken før runding. Eg merka at setet var litt ugodt på runde to og tre, og på siste runden forsvant setet ut i skogen! Kom meg i mål, men litt frustert. Kjapt oppsummert: på dette nivået er eg litt for dårleg i terrenget, men motbakkeformen er forbausande bra."

Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar