søndag 5. august 2012

Tre Vossevangarar i aksjon på laurdag

Laurdag 4. august sykla Bjarte Vethe Grenserittet, Dag Tore Roe sykla Vassfarrittet og Kjell Olav Tryti sykla Postvegrittet.

På laurdag sykle Bjarte Vethe det Grenserittet frå Strømstad til Halden. Dette er eit stort terrengritt med topp deltaking. Bjarte viste at formen er på veg etter kyssesjuka og var med tida 2:39:38 berre 14 minutt bak vinnaren Matthias Wengelin frå Team Herbalife 24. Vidar Mehl måtte diverre melda forfall på grunn av sjukdom.

Dag Tore Roe sykla Vassfarrittet i Hallingdal og leverer denne rapporten: "Vassfarrittet. Gjekk noko lunde greit. Både sykkel og ryttar på veg heim utan varige mein ... Med fråvær av kompisar, kollegaer og klubbvener var det ingen "må slå" på startstreken. Dette sku tyde på ein roleg opning, og auke på i dei på førehand varsla bratte bakkane. Slik gjekk det ikkje, rauk med i dragsuget, og hadde ein opning som får Odd Inges sagnomsuste rykk opp Gatå te å framstå som noko ... puslete... Da sku straffa seg. Det finns ein Garmin-Track, men den vert truleg råka av Statens Filmkontrolls sensur. Det var sopass at det fordrar 18-årsgrense ... Summa meg etterkvart og kom inn på 2.46, ca. 23 min etter ein O2-snappar totalt blotta for dødsangst nedover Hallingliene... Veldig kjekt, veldig hardt og eit flott arrangement."

Kjell Olav Tryti sykla Postvegrittet i Dale i Sunnfjord. Vinnar av årets ritt vart Erik Nordstoga frå Mosjøen CK på ny løyperekord: 1.34.45. Kjell Olav kom i mål på tida 2.37.55 og fekk med seg verdifull rittrening til Birken.

Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar