søndag 19. august 2012

VCK dominerte "Den grøne sløyfa"

På laurdag vart landevegsrittet Den grøne sløyfa arrangert frå Evanger til Eidsland. Vossevangen CK "tapeteserte topp fem" med Nikolai Hanevik som vinnar, Frode Atterås nr. 4 og Sindre Roe nr. 5, samt at Odd Inge Jordalen sprengde feltet på veg inn mot Nesheimsfjellet. Trykk på les meir for å få med deg Nikolai sin rittrapport.
"Me var fire mann frå Vossevangen ck som stilte til start i årets utgåve av Den grøne sløyfa. Nikolai, Odd Inge, Frode og Sindre skulle måle krefter mot fjoråres franske motbakkekonge. Innover Teigdalen rykte Odd Inge frå tet, og fekk med seg Nikolai, Frode, ein bergensar og Franskmannen. Denne pulja fekk ei lite luke på resten av hovudfeltet, og farten var kurant. Men alle var nervøse, for me visste kva som venta der inne i dalen, 7 km med motbakke, "Nesheimfjellet". Då utbrytarane dundra inn i botn av bakkjen, gjekk franskmannen rett i tet, med Nikolai på hjul. Desse to fekk raskt luke, og det blei katt&mus køyring opp svingane, Franskmannen drog, Hanevik på hjul. Då skiltet som viste "3 km igjen till toppen" blei passert, prøvde Nikolai seg på eit rykk, og fekk ei luke. På toppen var nesten 30 sek. ledelse. Frode kom opp som nr. 4, med Sindre og Oddemann hakk i hæl. Nedover dalen tok franskmannen igjen Nikolai, som tydlegvis hadde begynt å feira for tidleg. Sindre og Røen (voss sk) køyrte det dei makta nedover dalen, og tok igjen Frode som låg åleina. I siste bakke før mål prøvde Nikken å rykkja, og fekk dei nødvendige metera på vår franske ven, og kunne feire som 1. mann over mållinja. Frode, Sindre og Røen kom inn på på 4-5-6 plass, bra køyring. Eit kjempe fint ritt, som fleire burde ha vore med på. I år var været til og med brukande =)"

Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar