lørdag 8. juni 2013

Bergsdalen opp

Vossevangen CK hadde godt med deltakarar opp Bergsdalen i dag - både på sykkel, løp og rulleski. Den med mest sprut i beina var Silje Hjorth Rafaelsen. Silje bytte ut sykkel med joggesko i dag og var raskaste dame til toppen. Nikolai Hanevik var småsjuk men tok likevel 5. plassen i sykkelrittet, tett fylgd av både Jørund Rong og Jon Arild Hellebust. Einar Trefall var
raskaste mann på klassisk rulleski, medan Eystein K. Bye var raskaste mann på skøyterulleski. Fredrik Galaaen Røthe var yngste mann opp på sykkel, Anton Hanevik var eldstemann, og jammen santen vann ikkje Nina Helgaset og Arnstein Ringheim ekteparklassen. Ein flott dag for Vossevangen CK! Sjå korleis det gjekk med andre VCK-arar på våre resultatsider.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar