lørdag 22. juni 2013
Bjarte vann Trondheim-Oslo med Team Atea!
Bjarte Vethe, Vossevangen CK, vann i dag den store styrkeprøven: 540 kilometer frå Trondheim til Oslo. Med svært ugunstige værtilhøve, regn og motvind, vart det eit svært tøft ritt. Atea mista mange menn som måtte gje seg underveg, og ein av desse var diverre ein forfrosen Vidar Mehl. Vidar kjem sterkare attende på terrengsykkelen framover. Bjarte rapporterer at det var tungt dei fyrste 20 mila med regn og låge temperaturar. Då regnet gav seg kom motvinden. Då hadde derimot Bjarte fått i seg mat, og dei siste 30 mila kjende han seg berre betre og betre for kvar motvindskula som slo i mot dei. Les meir på Bjarte sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar