Nikken og Carsten reiste denne helga til Filefjell for å samle timer på terrengsykkelen. Dag var med som «coach og kokk», og leverte varene. Etter striregn fredag kveld, var me spent
korleis vær/vind og føre kom til å bli laurdag, då værmeldingane meldte om lavtrykket «Geir» som herja austom.
Laurdag

Med ein stigning på vel 500 høgdemeter til å bryje med, fekk me raskt opp temperatur og stoffskifte. Ideen om lause bein og buff var me glade me forkasta. Videre utover dagen var me heldige med været, opphaldsværet holdt seg stabilt, og etterdønningar av «Geir» passerte oss utan å gjere skade.
Sjølve turen var førsteklasses, mykje sti, traktorveg og grus. Me sykla ein del i trasseen til Valdresrittet, og terrengpartia var like blaute i år også.
Som bilete viser, var ryttarane nøgd med det meste. Einaste ein kan sette spørsmålsteikn ved, er kvifor ein «Diamant» står i sentrum på bileta. Totalt fekk med 5timer og 15min , og ein drøss med høgdemeter(ca 2700).
Søndag

Denne turen gjekk meir på grusvegar enn dagen før, men me fekk likevell tid til å boltre oss i terrenget. Carsten holdt seg stabilt og rutinert på sykkelen, medan Nikken måtte gjennom både «stunt-over styre-med landing i myr», og sigepunktering på framhjul. Skifte av slange stod ikkje i stil med resten av turen, og hadde dette vore «Valdresrittet», måtte me nok ha meldt oss inn i trimklassen. Etter 4 misslukka oksygenpatroner med 2 forskjellige «pumper», måtte me krype til krosset og finne fram ei «gammaldags» handpumpe, den gjorde jobben.
Det blei nok ein fin tur, 5 ½ time, 3500 høgdemeter. Skal også meldast om at Carsten kun gjekk på vatn denne turen, av uviss grunn. Men ryktene snakker om ein kombinasjon av ekstreme glykogenlager og gløymsel av flaske.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar