lørdag 3. august 2013
Vidar med knallsterk 5. plass i Grenserittet!
Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, vart i dag beste nordmann og nr. 5 totalt i Grenserittet frå Strømstad til Halden. Dei fem fyrste skilde seg klart ut frå resten, og Vidar var berre 44 sekund bak vinnaren Matthias Wengelin frå Sverige. Dette er eit stort ritt med alle dei beste norske og svenske på terrengsykkel, samt også fleire andre sterke utlendingar. I dag var Vidar Noreg sin beste terrengsyklist! Me gratulerer. Bjarte Vethe, Vossevangen CK, gjorde òg eit svært sterkt ritt, og vart nr. 43 totalt og nr. 9 i klassen sin! I løpet av morgondagen kan de lesa meir om korleis Vidar opplevde dagen på bloggen hans. Sjå resultat på våre resultatsider.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar