
Førehandsomtale i avisa Hordaland.
Bjarte sin rittrapport:
Løpet starta roleg og fint ned til Granvinsvatnet, kor det første skillet skulle koma. Blei sett ein bra fart opp til Ulvikahøgde av U-23 ryttarar frå Oslolaget CBA. Merka for min del at eg ikkje hadde dei beste beina, men sat med over toppen. Me var ca. 25-30 mann øve og ned til Ulvik. Mot Hardangerbrue gjekk det i fint tempo, alle tenkte nok på kva som venta oss i Øvre Eidfjord. Ein litt spesiell opplevelse å sykla over Hardangerbrue.

Kva som gjorde dette er eg ikkje sikker på. Har den siste veka vore sliten med eit lite snev av forkjøling. Litt rart å henga med i desse bakkane for så å bli kjørt av på flatane. Me får sjå korleis kroppen reagerer i veka som kjem, men planen no er å køyre Birken som har vore eit av dei andre store måla mine denne sesongen.

Rune sin rittrapport:
V-G – Ein knallhard dag på sykkelsetet
Det vart sett bra fart frå Palmafossen, forbi TeBe og heilt ned til Granvinsvatnet – men framleis samla felt. Opp Ulvikahøgde vart det råkøyr med ei gong (snittfart 24 km/t) og feltet sprakk kraftig opp. Då me nærma oss toppen var me ca. 25 mann, og eg hugsar eg rakk å tenkja: «Dette klarar eg, jo!» Nett då sette ein gnom inn ei fartsauke til, og eg kom på feil sida av terskel. Måtte gje 50 meter/10-12 sek. øve toppen. Me vart fire mann: Bård Wæhle, Karl Johan Watne, ein kar som skulle til Veteran-VM og eg. Valet stod mellom å venta, eller ein knallhard tur. Me valde det siste, og låg lenge kort bak tetgruppa. Etter Hardangerbrua var me om lag 35 sekund bak. Me køyrde hardt heilt inn til Måbødalen, og då starta ein hinsides kraftprøve. Me pressa på oppover, og til tider var det so bratt at eg kom meg berre opp viss eg stod. Då det vart litt mindre bratt etter Vøringsfossen vart me sjølvsagt teke att av ei større gruppa. Dei bestemte seg for å gje gass mellom Maurset og opp til høgste punkt: Dyranut. For å seia det mildt: det vart ein drøy halvtime med trening av viljen. På Dyranut var me 12-14 stk og eg hadde krampe frå stompen og ned. Det positive var at det var berre 17 ryttarar før oss i løypa. Då det var 15 km att gjorde eg diverre noko genialt. Eg gjekk fram å auka farten. Resultat: kramperekord. Klarde akkurat å gå av sykkelen for å tøya. Gruppa forsvann, og dei siste 15 km inn til Geilo trødde eg det eg kunne i motvinden inn til ein 32. plass. Kjapt oppsummert: det hardaste sykkelrittet eg har vore med på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar