søndag 18. august 2013

Nikolai vann Sykkel Rett Vest i dag!

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, vann i dag terrengrittet Sykkel Rett Vest. Nikolai køyrde i frå tidleg og sykla solo til mål. Dette lovar godt fram mot Birken og resten av haustsesongen. Les Nikolai sin rittrapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.

"Var i dag med på Rett Vest, eit terrengritt som går frå Samnong (Tysse) til Fana stadion. Start kl. 09:00, skikkeleg drittvær, regna hardt og lenge. Roleg ut frå start, dei fyrste km bak fylgjebil. Fyrste bakke var opp frå Samnong. Der satt eg litt fart i front, og me var 3
mann som fekk luke (eg, Jordan og Hosøy). Etter ein transportetappe på asfalt, kom me inn i fyrste terrengparti, som er opp ei bratt li, ca. 1 km med bæring av sykkel. Her kjente eg formen var bra, og klarte å springe ifrå dei to fanaryttarane. På toppen hadde eg ei god luke, sjølv med 2 tekniske problem-stopp (chainstuck). På toppen er det meir flatt terreng, med grov "traktorsti", og ein lengre utforkøyring på grus. I bunn av bakken går løypa inn att på asfalt igjen, no inn i Bontveit bakken, ein 3 km bratt knekkar. På toppen stod broderen med fiskaslo, og luka var vel 1:20. Fortsatte åleine i front til Totland, litt kryss og tvers på nokre sideveger, og ned til Kalandsvatnet. Her fekk eg Cola av gamlingen, sekunderinga sa 1:15, og no gjenstod det vel 20-25 min sykling på sugande asfaltflater. 1 km før mål såg eg plutselig fanagutta 10-15 sek bak meg. Då blei da ein seig langspurt, der eg akkurat klarte å holda Hosøy bak meg i mål. Kjekt med siger, og ikkje minst sykle ritt igjen etter ein liten sjukdomsperiode. Eit flott ritt som kan anbefalast til fleire byfolk og vossingar."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar