søndag 17. august 2014

Dag Tore med fin innsats i Sandefjord-rittet

Dag Tore er stadig å sjå på ritt og kjekt er det! I helga var den blide Vaksdøl'n innom Sandefjord og fekk med seg eit ritt. Me har fengje fylgjande rapport frå D.T;

"Hadde høve til å leggje turen innom Sandefjord for å sykle Sandefjord-rittet Marathon på lørdag. God oppladning med fantastisk sjømat og  god vin hos Geir Skeie på Brygga kvelden i forvegen. Topp vær med 19 gr og lettskya. Likevel svært glatt og
mudrete pga mykje nedbør i forkant. Starta i pulja etter eliten, og hang greit med dei første 5k før det bar inn på fyrste stiparti. Då byrja det raskt å skille, og eg la meg litt defansivt for å unngå å skape kø... Det var fleire lange og for meg krevande terrengparti, og eg måtte fleire gongar nytta høvet til å bruke asfalt / grusparti på å køyre meg oppatt i ei 6-mannsgruppe som etter kvart vart etablert. For ein gamal mann med klare tekniske begrensningar var det nok ein del meir sti, stokk og stein enn eg kunne tenke meg. Det positive var at beina ut frå nivå kjentes relativt fine, og det var knakande moro trass alt. Så gjenstår det å sjå om ein vert tilgodesett me deit avansement kva gjeld Birken-pulje. Står no i pulje 27, og ser etter ein stikkprøve at dei to som ligg nærast meg på resultatlista startar i henholdsvis 9 og 10, så kanskje kanskje ..."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar