Kjetil Isaksen forsvarte sigeren frå i fjor. Kjetil freista å gå solo inn til mål, men det vart ein svært sterk trio som kom inn samla. I lag med Kjetil kom Svein Ivar Reiso (bronse i nordisk tempo i år) og Henrik Sandal (vinnar av Noregscup landeveg junior i fjor). Tida deira var 4:44:55.
Bjarte Vethe sat lenge med teten, men laut gje nokre meter i bakkane før Dyranut. Bjarte kom inn på fine 4:51:31 og fjerdeplass. So kom Jørund Rong inn på 4:55:06 og delt sjetteplass, Thierry Matthey 5:17:00, Dag Tore Rode 5:20:08, Frode Atterås 5:30:14, Eirik Aastvedt 5:32:11, Cato Vivelid Nilssen 7:19:15, Bengt Arvidsson og Kjell Olav Tryti 7:21:55! Ingvild Aurdal sykla distansen Dyranut - Geilo og kom inn på fine 2:01:02!
Me ventar på rittrapportar frå deltakarane, saki vert oppdatert.
Rittrapport Kjetil:
"Så frem til å sykle et turritt igjen og ikke minst denne legendariske ruta! Bekymringene om sludd og møkkavær ble det ikke noe av.
Det startet i
hyggelig tempo med småprating og god stemning. Det var lite interesse for å
sykle rulle så tempoet til Eidfjord var svært behagelig. Opp mot Dyranut gikk
det jevnt hele veien. Litt småstøting, men kontrollert til toppen. På toppen
var vi 5 prs igjen. Det ble kjørt jevnt over fjellet og alle 5 i rulla delte på
jobben.
Når det er ca 2 mil
igjen, stikker Sandal (fjorårets vinner NC jr). Vi andre lar oss ikke stresse.
Og kjører han inn etter en mil. Da går jeg. De andre samarbeider og henter meg et
et par km. Så støter Svein Ivar Reiso. Også han blir hentet. De to andre har da
falt av. Det blir mye støting blant oss 3. Så det blir en hard og morsom
finale. Når det er en km igjen kommer dommerbilen opp på siden. Vi får beskjed
om at avslutningen er uten støt og spurt. Vi sykler så side om side over mål.
Og synest egentlig det var rettferdig nok.
Jeg forsøkte hardt å
komme alene til Geilo, men det var krevende i motvinden og ikke minst mot
sterke syklister. Er likevel fornøyd og synest det var en veldig flott tur!
Det er veldig morro å
sykle ritt med så mange fra klubben. Det var mye breie
smil og god stemning i målområdet!"
Rittrapport Jørund:
"Var eit fint ritt i dag. Gjekk roleg til Granvin, pratetempo og fin stemning i pulje 1. Eg sette meg på hjulet til Kjetil opp Ulvikahøgde, og der sat eg godt. Me køyrde i 24 km/t i snitt opp bakken, eit relativt bra tempo, men mange var med over. Frå Ulvik gjekk det på nytt roleg heilt til Eidfjord. Vossevangen sine gutar sat ofte framme og freista å laga fart, men dei fleste sparte nok til bakkane. Då leiken byrja vart det fort strekk i feltet. Eg sat fint med oppover eit godt stykke. I den lange tunellen me laut sykla, omlag halveges til Vøringsfossen, sleppte eg tetgruppa med Kjetil og Bjarte og dei. Eg vart so sitjande i ei gruppe med 5-6 andre, og det gjekk jamnt og fint med oss heilt til Dyranut. Farten var heilt grei - det var rolegare enn det kan vera på torsdagsøktene til Vossevangen CK :-). Me tok att nokre rytterar som hadde sleppt tetpulja, og etterkvart kom det nokre Rye-syklistar opp til oss. Me vart soleis noko fleire etterkvart. Me køyrde fint inn til 4:55:06, og med det var me omlag ti minutt bak vinnarane. Eg er godt nøgt med rittet, kom på delt 6-plass! Hadde faktisk bra med krefter att når me kom i mål! Berre litt regn og då vart det kalt oppe på fjellet, elles fint. Med andre ord ein fin-fin tur! TAKK TIL HALLE FOR SUPER SERVICE UNDERVEGS / TRANSPORT!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar