I strålande solskin sleit mange sprekingar seg opp Stalheimskleiva i dag. Nokon syns det vart for lite å berre springa opp - dei deltok i "Hardhausen": sykkelritt kl. 15, rulleskirenn kl. 1530 og hovudløpet kl. 16. Vossevangen CK sin bestemann i Hardhausen vart Sindre Hirth med ein sterk andreplass, bak råskinnet Hans Inge Klette. Sindre sykla svært godt og tok andreplass i
sykkelrittet på 9:53. Bjørn Haugo Herfindal vart nr. 5 i Hardhausen og sykla på 11:26, medan Henrik Austgulen Hestnes vart nr. 7 i Hardhausen og sykla på 11:20. Jørund Rong held fylgje med Sindre på sykkelrittet heilt til kroppen sa stopp. Neste år stiller Jørund med lettare gir, og då kjem det til å lukta svidd. Rune Herheim vart nr. 8 i Hardhausen og fekk 10:52 på sykkelrittet. Sjå resultat på
våre resultatsider. (Foto: Olav Stenrud)
|
Bjørn Haugo Herfindal: 11:26 på sykkel og 5. plass samanlagt |
|
Henrik Hestnes: 11:20 på sykkel og nr. 7 samanlagt |
|
Rune Herheim: 10:52 på sykkel og nr. 8 samanlagt |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar