søndag 7. juni 2015

Bergen-Voss i REGN-REGN-REGN

Kjell Olav alltid blid -
sjølv om me kom for seint til start!
Årets Bergen-Voss går inn i histora som tidenes fuktigaste. Kraftig regn frå start til Skjervet gjorde turen til ein blodslit for alle og ein kvar av dei 3000 deltakarane. Vossevangen CK hadde 21 påmelde, men fire av desse fekk aldri sykla på grunn av stengd E16. Det var svært sterk deltaking i den raskaste pulja i år, og Kjetil Isaksen tok ein solid 8. plass med tida 4:18:54. 19-åringen Bjørnar Vevatne Øverland (BCK) vann med tida 4:17:03. Han gjekk solo i Skjervet og heldt unna heilt til mål. Svært sterkt gjort og veldig lenge sidan nokon har vunnet Bergen-Voss i einsam majestet. May Lisbeth Flo imponerte i dameklassen med 26. plass på tida 5:41:59. Vossevangen CK
hadde tre mann til inne bland dei 100 beste. Rune Herheim kom på 38. plass, Roger Eide nr. 66 og Sondre Tysseland nr. 100. Så fylgde dei andre ryttarar frå Vossevangen CK jamt utover heile resultatlista, og i år var det strengt tala ein prestasjon å berre koma i mål. Sjå resultat på våre resultatsider, og rittrapportar under. Videoar frå rittet kjem utover dagen.



Dag Tore var ein av dei som stod i kø, og kom for seint!
Nils Asbjørn og Olav gjer seg klare, trass at pulja var reist frå Bergen!
God steming i bussen, sjølv om raset på E16 hindra oss i å koma til start.


Kjetil:
Bergen - Voss, det kalde år - 2015
Vi hadde et lite håp om opphold og litt vind i ryggen. Det blei der desverre ikke noe av. Det ble en rolig start i regnet frem til Trengereid. Første halvdel gikk kontrollert. Andre halvdel en del raskere. Vi var 12 mann over Gullbotn. 4-5 karer til klarte å komme seg opp før Kvamskogen begynte. Her ble det kjørt kontrollert og stort sett rulle. Vossingen Heine Nysæther gjorde en formidabel dra jobb i bakkene. Selv med ull og vindvest ble jeg veldig kald over Kvamskogen. Innover fjorden regnet det enda mer enn tidligere. Likevel gikk rulla ganske bra. Dette strekket pleier å passe meg bra. Men jeg klarte ikke å få tilbake varmen. Etter å presset i meg mat og drikke var det klart for Skjervet. I bunnen blir det kjørt hardt. I det jeg reiser meg opp er det full krampe i begge bein. Jeg må bare sette meg ned og forsøke å holde det i sjakk. En smule surt å se at toget går. Jeg får sitte litt på hjulet til Heine (som forøvrig kjørte aktivt og sterk i dag). I det fjerne ser jeg Bjørnar Øverland Vevatne gå aleine over toppen. Han kjørte aleine til Voss og vant svært fortjent. Rett og slett imponerende. Jeg måtte til slutt sleppe meg ned til gruppa bak og vi trillet inn til delt 9 plass, 1.50 bak. Godt å komme i mål, men slukøra gjennom Vangen. Bare å se fremover . Heine kom inn rett før på 3 delt 5 plass.

Rune:
Thierry og eg trilla i fem-tida ned til start – i regn. Eg kjende at det hadde freista å berre sova vidare. Vel nede ved Grieghallen kjende eg naturen kalla – kraftig. Det var berre eit ørlite problem: alle toaletta var låste. Ti minutt før start fekk eg beskjed om at me kunne bruka Scandic Ørnen sine toalett. Jogga bort og gjorde mitt, men då eg sprang attende kom eg på at eg hadde lagt att GPS-en på toalettet. Spurta attende til Scandic, og tok eit maksdrag attende til start. Heiv Baggen på lastebilen, startskotet gjekk og eg heiv meg inn på halen av pulja. Der vart eg verande til Trengereid. Beina var heilt kraftlause, og eg tenkte at viss Egil og Halle står på Trengereid så føl eg dei heimatt. Me starta på Trengereidsbakken. Etter ei stund tenkte eg at dette går ikkje. Eg må begynna å trø litt. Etter ei stund såg eg Thierry, og bestemte meg for å sykla opp til han. So såg eg fleire grupper oppover, og tok att ei gruppa og så ei til mot toppen. Elendig taktiske å legga seg sist inn i bakken på eit så stort felt, men no bestemte eg meg i alle fall for å sykla til mål. Opp Kvamskogen kjende eg meg piggare enn på lenge, og fann ut det kunne vera råd å sykla seg opp til ei gruppa om lag eit minutt opp i lia. Mot toppen tok med dei att, og der sat mange sterke folk, mellom anna Brodersen. Då begynte eg å sjå lysare på ting og tok ivrig føringar i rulla. Ned Tokagjelet forsvann alle positive tankar. Det var samanhengande kraftig regn heilt til Skjervet, men ned til Norheimsund var det extremt. Eg bestemte meg for å fortsatt vera med framma i pulja, og eg syns det gjekk ganske greit. Dessutan likar eg ikkje å ligga bak i sekken, og i B-V er ikkje plasseringa så viktig for meg. Kom til Skjervet, og då hadde eg brukt opp det meste av krefter. Me var kanskje 50-60 inn i Skjervet, og 15-20 av oss seig i frå. Eg laut sjølv sleppa om lag ved fossen og det vart ein del aleina og partempo mot mål. Då vart me sjølvsagt teke igjen av ei god gruppa ned mot Vangen. Konklusjon: eg har aldri sykla i slikt regn før og kroppen er ok. No kjem terrengritta og takk og lov for det.

Roger:
Eg er godt fornøyd med egen innsats i tidenes verste B-V vær. Kom inn på 4.42 og 66 plass totalt. satt i rulla(der vi max var 12-15 mann som jobba og 50 mann på halen fra ålvik til mål) i front fra start til mål i gruppe 2. Nedturen var jo at målsetning og ny pers på under 4.30 regna bort..

Nils Asbjørn:
Etter eit par minutt på hoveputa (slik det følest i alle fall) er det tid for å stå opp, erkjenna at i dag skal me ut og slita sykkeldeler og kropp i regn og vind! Alt går som smurt til me når Vaksdal (med bussen til Trytien altså), der har nokon plassert dottar i fjellsida og me får ikkje lov å passere. Så der sit me då, og ventar på å sleppe forbi på E16 medan den eine etter den andre pulja startar! Var sett opp til å starte i pulje under 5 timar, og i lag med ein fin gjeng frå Voss SK og Åsane. Såg for meg ein hard tur ettersom treningsgrunnlaget var noko varierande, men me passerte IKEA då gruppa vår tok av. Me er ein gjeng på ca 8 stk som kjem oss avgårde litt før kl. 07.00. Me held i lag og rullar mot Hardanger. Mykje folk å køyre forbi då me er blant dei siste som startar. Alt går roleg og fint for seg, me har bestemt oss for å halde i lag og få ein fin tur frå Bergen til Voss. Trur me er blant dei som var heldige med veret, for då me nærmar oss Kvamskogen kikkar sola fram og det vert stadig betre ver. Matstopp i Norheimsund, korpsmusikk og hyggeleg service frå kollegaer på jobb. Ikkje ofte eg får vaflar midt under eit sykkelløp. Ikkje min type opplegg for eit sykkelløp, men er ein på tur så er ein på tur! Innover Hardanger opplever me tørre vegar, god temperatur og etter kvart fleire tunge bein. Hjelper til og tek litt ansvar og køyrer i front for å få opp farten. Skjerve vert me ferdige med og får ei kraftig regnbyge på Flatlandsmo som er lenge sidan eg har opplevd (ja kanskje ikkje så lenge sidan 6-vatn). Me held stort sett i lag alle frå gjengen vår til mål. Me har køyrt sikkert og hatt ein fin tur med tanke på forutsetningane.
Så då går tankane til regjering og fedrelandet om at noko må gjerast med vegstandarden i landet, og kanskje litt med eigen form til neste år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar