var sjølvsagt ein av desse 8 :) Sjå resultat på våre resultatsider og Bjarte sin rapport under.
Mjøsa Rundt på Søndag:
Hadde ein plan om å kjøre Bergen-Voss på lørdag med tanke på max oppkjøring til Trondheim-Oslo, men sidan veret vart dårlig, valgte eg å stå over. Mjøsa Rundt med team Atea var siste oppkjøring til Styrkeprøven. 265 km skulle gjennomføres med resten av laget. 23 mann stilte til start. Laget opna kontrollert, som målsetting med å sette ny løyperekord. Ved Lillehammer låg vi 6 minutter foran rekorden, hadde da ca. litt over 47 km/t i snitt. Etter Lillehammer på veg mot Brummunddal skjer det fatale, sju mann går i bakken, deriblant meg sjølv. Eg lander heldigvis utanfor asfalten og får mindre skrubbsår på knær og hofte og ei skamslått skulder, men velger å fortsette. Tre mann blir satt ut på grunn av rammebrot, kragebeinsbrot og hjernerystelse. Dette satte ein støkk i meg og resten av laget, så det viser seg at det blir tøft for ein del, der vi lenge er nede i 11 mann og til slutt 8 mann som holder inn til mål. Laget vinner Mjøsa Rundt på 6.27 t. For min sin del gjekk eg totalt tom på grunn av få mann i rulla, men satt med laget inn som for øvrig er kjøresterkt. Følger planen min vidare og har tru på toppform til Styrkeprøven Trondheim - Oslo, som for øvrig skal sendes på TV2.
23 mann klare til start |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar