mandag 29. juni 2015

Nils og Jørund med solid innsats under Master-NM Tempo på Åndalsnes.

Sundag gjekk Master-NM i tempo «av stabelen» på Åndalsnes. Vossevangen CK var til stades i Romsdalen med Kjetil som servicemann og med Nils og Jørund som syklistar. Løypa var heile 30 km lang, og so og seie heilt flat. Start og mål var i Åndalsnes sentrum. Nils som er ein veteran å rekne i NM-samanheng, syklar no i klassen 65-69 år, medan Jørund debuterte i NM-samanheng i klassen 40-44 år. 
Nils tok ein fin-fin 4.-plass i klassen og var berre 41 sekund bak klassevinnaren! Veldig sterkt av Nils som ikkje har sykla so mykje i år grunna skade. Nils gjennomførte på 42,41 minutt. Jørund køyrde løypa på 40,33 min. som gav 8.-plass i klassen. Det var svært tett, og berre 9 sekund betre tid ville gitt 5.-plass!

Romsdalen i sol er vakkert! Jørund er på dette tidspunktet nøgd
Nils, attende i frå skade og til fjerdeplass 41 sek frå sigeren!
Klar til start!

Nils ut frå start.

Ridley'n til Nils gjekk rett i gjennom kontrollen!!




Me har fengje fylgjande reisebrev frå Jørund:  

Tidleg fredag stakk Kjetil og eg med fullasta bil austover mot Gjøvik. Målet for dagen var elite-NM gateritt, med start kl. 19:30 for seniorklassen. Me kom bort i god tid, og fekk med oss menn junior og senior damer i tillegg. Ekstra kjekt var det å sjå på juniorklassen der Sogn og Fjordane sitt supertalent, Sedrik Ullebø tok sigeren suverent. Under gaterittet til seniorkarane stod eg i depotet og var servicemann i tilfelle uhell. Reglane er slik at ein kan stå over ein runde to gonger, eller to rundar ein gong ved uhell. Det gjekk styggfort frå start, og eg tvilar på eg hadde klart å halda fylgje ein runde, sjølv på full pedal. Kjetil gjorde det bra trass ein lite heldig start, og kom inn på ein flott 23-plass. Me overnatta på NM-hotellet på Biri, so om kvelden menga me oss me proffar, Noregsmeisterar og sportsdirektørar! Det vart prata sykkel til langt på kveld! Laurdag var det terrengritt for Kjetil med start på Bodur skistadion på Løten, og eg var servicemann. Etter eit solid ritt frå Kjetil, bar det mot vest og Åndalsnes.

Nils kom frå laksafiske i Trøndelag og me slo oss saman på Åndalsnes vandrarheim. Nils og eg skulle køyra master-NM tempo på heile 30 km, og Kjetil var no servicemann. Været var strålande fint, men med noko vind. Løypa hadde start i Åndalsnes, gjekk inn til Isfjorden, og utatt fjorden på andre sida til vending. Soleis var det både med- og motvind både på tur og retur! Me var ute i god tid og varma godt opp på rulla før start. Me fekk syklane godkjent og var klare til start.  Eg var litt spent på korleis det skulle fungera med 30 km. Eg valte å køyre utan pulsbelte, utan kardensmålar og utan wattmålar – og soleis berre kjenna på kroppen. Dette var litt risikabelt, men men. Fyrste fem km var med medvind, og eg snitta på 47 km/t, utan at eg brukte mykje krefter. So var det 10 km med motvind ut att fjorden. Eg fokuserte på å sitja djupt og eg pressa meg ikkje i opp i raud sone. Til vending hadde eg soleis køyrt fornuftig følte eg. I ettertid ser eg på vendetidene at eg kanskje hadde spara meg vel mykje. Inn att fjorden følte eg meg framleis relativt fint. Eg fekk opp bra fart og køyrde inn ryttaren framføre meg.  Men dei siste fem i motvind vart tøffe. Eg jobba hardt og fekk krampe. Eg laut gira ned og eg laut strekka på beina, men det sleppte ikkje taket. Eg hadde ein gel på innsida av drakta som eg fiska fram, og tok den på styrten sjølv om det berre var nokre kilometer att. I ettertid når eg ser at eg var berre 9 sekund bak femteplassen, var det litt irriterande å tenka på. Tapte ein del på krampehandteringa. Men men! Alt i alt er eg nøgd med debuten. Me har hatt ein kjempefin rundtur dei siste dagane, og ein stor takk til reisekameratane mine, Kjetil og Nils for trivelege stundar og god hjelp! Målet lyt vera å forbetra tida si med min. eit minutt til nesteår!










Resultatlista; http://www.raumask.com/pdf/Resultatliste%20Isfjordstempoen%202015%20klassevis.PDF


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar