Seksvassrunden gjekk i dag av stabelen, i vanleg vått vær. Men i motsetting til i fjor, var det faktisk fleire varmegrader! Det var eit relativt lite startfelt i år. Ein hadde i dag både Stalheimskleiva opp og i tillegg til Nordhordland Rundt. Dette lyt ein finna ut av, ein kan ikkje skipa til so mange ritt på same dag i same region...!
Vossevangen CK stilte med ein god gjeng på start. Det var full gass frå rundkøyringa på Svartenakken, og feltet var på ei lang lang rekkje. Heine Nysæther gjorde som i fjor, han gjekk solo. I år laut han venta litt lenger, men kom seg avgårde på Bulken! Han fekk raskt ei god luka, og han heldt heilt inn! Det var litt av ein prestasjon, då han køyrde i nesten 40 km/t i snitt og solo omlag heile vegen. Heine kom i mål på 2:09:24! Ei kjempetid av Heine.
Vidare kom Kjetil Isaksen på 2.-plass på 2:12:57, Jørund Rong på 2:18:37, Sindre Hirth 2:18:44, Roger Eide 2:24:56, Nils Asbjørn Lie 2:35:49
Kristin Sønnesyn tok ein klar klar siger i dameklassen med 2:35:50. Veldig sterkt at Kristin, som sykla åleina store delar av runden!
Rittrapport frå Heine:
"Eg
sykla 6vatnsrunden for fyrste gong i 2015 og har gleda meg eit heilt år til å
få gjera det igjen. I 2015 stakk eg allereie då masterbilen slapp oss, og
køyrde aleina heile vegen. Og lite forstod eg då eg trilla over målstreken
aleine, omlag 7 min før nestemann. Den følelsen eg hadde då, er ganske
ubeskrivelig og noko ein ikkje opplever så veldig ofte. Sånn «once in a lifetime»...
eller kanskje to? I år var det litt fleire sterke ryttera som stillte til start
og eg visste at det ikkje ville bli like lett å komme av gårde som i fjor.
Planen var å køyra hardt frå start og sjå om eg fekk med meg ein eller to eg
kunne køyra saman med. Akkurat som planlagt køyrde eg hardt med ein gong me
blei sleppt og fekk med meg Roger Eide frå klubben. Me fekk ei lite luke, men
blei raskt køyrd inn igjen før me kom til Bø. Etter det blei det litt virring
att og fram i feltet og eg tenkte; «dette var jo ikkje heilt som planlagt, men
eigentlig ganske som forventa». Då me nærma oss Bulken fann eg ut at eg måtte
prøva meg igjen. Til min store glede såg eg at eg kom av gårde og raskt fekk
luka til feltet bak. I tillegg blei eg litt forfjamsa over at det ikkje var
nokon som prøvde å fylgja bakhjulet. Eg hadde jo faktisk køyrd aleina i fjor og
dei fleste burde vera klar over at eg kunne gjere det igjen. Den mest
utfordrande delen av eit bruddforsøk er tida frå ein klarer å rive seg laus,
til luka er så stor at feltet bak mister augekontakt, og roar seg. Denne gongen
gjekk det relativt raskt, og det kan eg truleg takka lojale lagkammeratar i
Vossevangen for. I ettertid blei det rapportert om både bremsing, køyrestrike
og bruk av alle dei «skitnaste» triksene i boka. Ref. Jørund Rong :D
Då eg
hadde fått stor nok luke reduserte eg intensiteten litt for å komme ned i
«komfortsonen». Derifrå og inn var hovudfokus på å ligge på rett intensitet i
forhold til kraft-/wattmåleren. Undervegs fekk eg tilbakemeldinger om 2 min, 3
min og 4 min ledelse, og følte eg hadde relativt god kontroll på dei som jaga
bak. Eg fullførte på tida 2:09:24 og er veldig fornøyd med eigen og laget mitt
sin innsats! Dagen blei ekstra bra då Vossevangen CK tok det som var av
prestisje. Kjetil Isaksen fiksa dobbelt med ein solid andreplass og Kristin
Sønnesyn blei beste kvinne med ei veldig sterk tid. Gleder meg allereie til
neste år!"
Takk til Filip Eidsheim og Odd Inge Jordalen for bilete!
|
Solo på 2:09 er det ikkje mange som gjere oppatt!! |
|
Eirik Kinserdal og Kjetil Isaksen kosar seg opp Tønabrekko |
|
Heine lett og fin, og sjølvsagt åleina |
|
Kjetil; Rett i frå Noregscup til Seksvass! |
|
Kristin klar til start! |
|
Alltid blid! Kristin klar til innsats |
|
Jørund Rong og Sindre Hirth vart diverre litt bak opp Tjukkabygdè |
|
Roger med tempohjelm og hjulet til Svein Arne Dregni frå Sogn |
|
Kristin lett og fin opp til Fjose |
|
Sindre og Roger passerar "Bø-stein" |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar