Alle som har sykla med Kristin veit at ho er sprek, og me gratulerar ho med flott Vossevangen-debut og gler oss til framhaldet!
Kristin med fin-fin rittdebut under Fana 3-dagars |
Me har fengje fylgjande interessante rittrapport frå den blide turnuslækjaren;
"Det var
ei impulshandling. Eg meldte meg på Lønningrunden utan å tenkja gjennom kva eg
hadde gjort. Det fekk eg tenkt på seinare same veke. Eg hadde meldt meg på i
mitt første aktive ritt. Mitt første ritt på 4 år. Eg angra.
Laurdagen
kom og me køyrde til start. Eg tok på meg drakta og sykla litt fram og tilbake.
Såg rundt på dei seriøse konkurrentane der dei satt og varma opp på rulle,
støtteapparata gjekk rundt.
Det var
eit kort ritt, kun 25 minutt + 4 rundar i ei løype på ca. 3 km. Det første
dagen i Fana 3-dagers. Damene skulle starta med menn 15-16. Eg fekk høyra at
dei er både raske og litt galne. Så gjekk starten. Eg hadde litt teknisk
trøbbel i starten, men hang no med i feltet ned den første bakken og gjennom
svingen. Då auka farten, feltet sprakk litt opp, før det igjen vart samla i
bakken. Etter den første runden satt eg framleis med i feltet. Eg såg ei dame
som låg framfor meg og bestemte meg for å henga på ho. Målet mitt var å
fullføra og å ha det kjekt. Så eg tenkte at det var greit å finna ein rygg å
henga på. Ikkje lenge etterpå fell me av. Me var tre damer som låg saman. Me
tok snart igjen ein til og me fann tempoet vårt. Eg kjente meg bra, det gjekk
fint å henga med. Men eg merka at eg ikkje har køyrd konkurranse før. Taktikk,
svingar, bremsa ned før sving, fart ut av sving. Det var mykje eg måtte læra
meg der og då. Runden vart avslutta med ein bakke i heftig motvind, før ein
krapp sving, ein liten nedoverbakke og nok ein brå sving før ein slak motbakke
enda i mål. Gruppa vår vart etter kvart 5 og me samarbeida godt. Eg visste
ikkje kor langt det var igjen, før eg såg at me allereie hadde kome til siste
runde. To ryttarar prøvde å stikka fra oss, men luka vart raskt tetta. Så fekk
eg oppleva taktikkeri, det var interessant. Eg kjende meg sterk, men var ikkje
rutinert nok til å ha ein plan. Over den siste bakketoppen gjekk dei. Eg hang
på, men kom som nr. 3 gjennom svingen, tok innpå mot mål, men vart nr. 3 av
damene. Som debutant måtte eg sei meg nøgd med det.
Sjølv om
det var Norges Cup samme helg og det ikkje var store konkurransen, fekk eg ei
fin oppleving, eg lærte mykje og har blitt endå meir gira på å sykla. Dette
var kjekt!"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar