lørdag 6. mai 2017

Heine og Kjetil med gode prestasjoner 1.mai

1.mai sykla Heine Liland Spinn Cup i Sandefjord. Etter 3 veker med sjukdom stilte Heine til start i sitt fyrste gateritt, han melder at kroppen kjentes grei ut i rittet, og han tok det som trening, dette heldt til ein sterk 4. plass.
For resultat sjå våre resultat sider.







Kjetil Isaksen sykla Os-Rundt, det enda med spurt mot Øystein Blom-Ohlsen der det først såg ut til at Kjetil tok sigeren, så vart Blom-Ohlsen dømt framfor. Etter dette har dei stått oppført med delt førsteplass, men på rittranking står no Kjetil på fyrste og Blom-Ohlsen på andre.
Uansett, nok eit sterkt resultat frå Kjetil.


Me ønsker alle VCKara som skal i aksjon i helga lykke til!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar