søndag 14. mai 2017

Specialized Cup runde 2

Andre ritt av terrengkøppen vart skipa til på Totland torsdag 10. mai. Vossevangen CK stilte med Rune Herheim. Han gjorde ikkje skam på klubben, og sneik seg inn på pallen, bak dei to sterke Fana-syklistane Ellertsen og Jordan. Sjå Rune sin rapport under.

Foto: Are Iversen, NCF Region Vest

Tok turen til Totland på torsdag, og det angra eg ikkje på. Kjekk løypa og avslappa og god stemning. Løypelagaren, Joachim Jordan, hadde lurt inn nokre nye utfordringar, mellom anna opp langs ei tråpp og over ein kolle, men elles var løypa som for tre år sidan. Ei lang fartsfylt nedkøyring og ein sugande motbakke på gras. Ellertsen forsvann tidleg, medan eg hadde ryggen til Jordan dei fyrste rundane. Måtte etter kvart la Jordan gå, men då hadde avstanden også vorte stor bakover. Kom meg inn på 3. plass, 3-4 minutt bak Ellersten og Jordan, og 3 minutt før Nordang på 4. plass. Ei moro-løypa som skilde godt, med andre ord. Vonar fleire frå klubben vert med til Åsane 24. mai og på sprinten under veko den 25. juni!

Sjå fleire bilete her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar