mandag 24. juli 2017

Valdresrittet 15. juli 2017

Valdresrittet var i år plukka ut som fellesritt for klubben, det hadde vert plass til fleire VCKara på startstreken, men heile huslyden Rong, Rune og Nikolai hadde tatt turen til Vaset for å sykla ritt i strålande vær og i flott natur.


Sjå resultat her.


Me har fått inn følgjande rapporter frå Jørund, Nikolai og Rune:




Valdresrittet 2017 Laurdag 15.07 var det klart for kanskje det finaste terrengrittet sør for Dovre, nemleg Valdresrittet. Rittet har utgangspunkt i område rundt Vaset i Vestre Slidre kommune. Løypa ligg over skogsgrensa stort sett, i høgde mellom 800 moh ved start og 1100 meter på toppunktet. Rittet har lange stiparti og elles fine grusvegar i storslått natur rundt Synding-vatna og stølane som ligg her. Rittet har høg sosial profil, med mange ulike klassar og løyper. Her er det familieløype der ein nyttar delar av konkurranseløypa og ein kan velja ulike distansar, 11 km, 22 km eller 54 km. Rittrapport Jørund: Pga skifte av arbeid og mindre trening enn tidlegare år har rittkøyring vore nedprioritert i år. Men Valdresrittet hadde eg lova både meg sjølv og lokal «Valdresbas» Frank Mo at eg skulle køyre. So eg hadde ikkje noko val! Eg er so heldig at eg har vore ein del i område før, og har både sykla og gått ein del på ski i område, soleis kjenner eg terrenget, men ikkje løypa. Me fekk låna oss ei hytta og reiste på fredag både born og vaksne. Alle fire var påmeldt til ritt laurdag i ulike klassar. Været var perfekt, sol og skydekke og perfekt temperatur. Eg var fyrst påmeldt i pulje 4(!!), men Rune og Nikolai fekk overtalt meg om å stille i pulje 1. Det gjorde eg. Pulja var stor, truleg om lag 50-60 stk, og hadde sterk deltaking. I gruspartia ut frå start gjekk det fint for min del, ein del stress i feltet og alle skulle vera med framme osv. Eg tok det roleg å stressa ikkje. Eg visste det kom nokre bakkar før det fyrste terrengpartiet, og der køyrde eg meg fram til teten. Inn på fyrste lange sitparti var eg om lag fyrst, men det gjekk ikkje lang tid før eg var nesten sist! Det hompa og spratt og eg hadde skikkeleg problem med å halde fylgje. Det vart jaging på grus og i alle motbakkar, og eg klarde å hente inn att gruppa før toppen av løypa. Inn på neste lange stiparti var eg på nytt om lag fyrst, men vart endå meir fråkøyrt enn sist! Derifrå og til mål vart det solo-køyring! Kom meg inn på 1:56 var godt nøgd. Eit kjempefint ritt i fantastisk natur! Etterpå køyrde eg 11-kilometerløypa med borna og Nina. Me sendte ut Lars i eit tidleg brot og me andre la oss i feltet bak  Veldig fint opplegg! Eg vonar fleire tek turen nesteår!






Foto:Offroad Valdres

Etter to års rittpause var det spennande å gjere comeback på Valdresrittet. Etter litt skippertakstrening siste månaden følte eg formen var brukande og tenkte at rittet skulle gå ok. Men kjente tidleg at dette kom til å bli ein hard dag, høg puls og sure bein i dei fyrste småknekkarane ut frå start. I den fyrste skikkelige bakken før terrengpartiet måtte eg sleppe feltet og blei syklande for det meste åleine resten av rittet. Sjølv om rittet gjekk dårleg, var det kjekt å sykle i strålande vær og i ein nydelig trasé 🙂



Foto:Offroad Valdres

Valdresrittet 2017 I strålande vær tok ein solid bande frå VCK turen til Vaset for å sykla årets Valdresritt. Huslyden Rong stilte fulltallige, og Nikolai og eg stilte i bubil (Simon et al. vart diverre hindra pga. forkjøling). Farten ut frå start i elitegruppa var rimeleg frisk syns eg, og i dei fyrste småbakkane måtte i alle fall eg pressa ganske bra. Prøvde likevel å spara litt på krutet slik at eg kunne «gje alt» i den fyrste alvorlege bakken som går over i det fyrste og lengste stipartiet. Folk sykla frykteleg fort i starten på bakken, men eg heldt ørlite att. Då stigningsprosenten gjekk litt ned kom Geir Lien forbi. Eg la meg på hjul og han fliste av garde opp mot toppen. Trur me passerte 10 mann, og då stipartiet starta var me oppe på halen av frontgruppa (det var nokre mann som hadde 15 sek på oss). Det gjekk fort på stien også, så eg hadde nok me henga med. Sprakk opp i fire firargrupper, der eg var sist ut av stien. Med 20-30 mann mellom oss fire bakarste, eg sist og Geir Lien tredje sist, viste eg kva som gjaldt. Eg måtte få tak i hjulet hans. Det gjorde ilt, og det gjorde omtrent lika ilt å halda hjulet hans. Me fliste rundt vatnet i KOM-fart (6 km på grus), og då dagens siste alvorlege klatring opp til Sonjavarden starta, var me ei samla gruppe på ca. 16 i front. Eg hang betre med enn frykta opp bakken, men laut gje 15-20 sekund til ei femmargruppa (og ein del meir til teten). Trudde naivt nok at eg kunne henta inn nokre av dei, for resten av løypa er svært mykje sti. Køyrde hardt i 10-15 minutt på stiane etter bakken, men henta ingenting. Merka etter kvart køyret, og sykla aleina til mål i seig langturfart. Kom inn på 1t50 min, 5 min bak vinnaren. Alt i alt svært nøgd med både eiga sykling og rittet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar