lørdag 18. september 2021

Tipp topp terrengsykkeldag i Bømoen

Klette, nr. 1 raud løypa
I dag skipa Vossevangen CK til det femte og siste rittet i Sykkelbutikkøppen. I strålande haustvær og flotte forhold storkosa over 50 born, ungdomar og vaksne seg på dei utrulege stiane i Bømoen. Hans Inge Klette frå arrangørklubben viste seg som den sterkaste av dei som sykla tre rundar og vann på tida 46:25. Kristian Ellertsen frå Dragefjelle løpeklubb og Rune Herheim fro Vossevangen CK kjempa om

andreplassen, men Ellertsen viste seg som den sterkaste til slutt med tida 47:51. Av dei som sykla to rundar viste Johan Berge Børsheim frå Vossevangen CK strålande sykling og vann på den særs gode tida 36:01. Oskar Johansen, Åsane CK, og Steffen Johannesen, Bergen MTB-klubb vart nr. 2 og 3. Av dei som sykla ein runde, så var raskaste jente Kristin Hopnes med Mathea Galleberg og Dorthea Hennø Haugen på andre og tredjeplass, alle frå Fana IL. I gutaklassen var Håvard Hjelmeland frå Sogn CK kjappast, med Kristian Vethe frå Vossevangen CK på andre og Samuel René Slettemark frå Vargar på tredjeplass. Sjå resultat på denne lenkja, og sjå fleire bilete under. Sjå endå fleire bilete på hendinga for rittet på Facebook.

Johan Børsheim, nr. 1 grøn løypa

Det var også sju flotte deltakarar på Barnerittet. Dei hadde ein eigen sti-runde dei kunne sykla så mange gonger dei klarte på 15 minutt. Kanon innsats frå alle sju.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar