søndag 5. september 2021

Kristin og Ola på pallen på Øygarden sykkelfestival

Denne helga skipa Sotra CK til Øygarden sykkelfestival. Fyrste ritt var fredag kveld, motbakketempo opp til Fjell festning. Kristin var raskaste kvinne til toppen på tida 10:53. Ola vart nr. 2 i M13-14 med tida 11:02. Laurdag var det Sture fellesstart, ute ved Tjeldstø langt nord i Øygarden. Kristin måtte diverre på arbeid både laurdag og sundag, men Ola forsvarte VCK si æra med ein siger på fellesstarten. Sundag var det Tjeldstø tempo. Der fekk Ola seg ein ny andreplass og Rune fekk sin debut på tempo. Arrangøren gjorde ein kjempejobb, og hadde proft opplegg med motorsyklar og fokus på tryggleik. Alt i alt ei flott helg, i strålande september-vêr. Sjå bilete og les rittrapportar frå Kristin, Ola og Rune under.

Kristin om motbakketempoen:
Kort sagt: Kupert, motvind, begynte for hardt. La igjen altfor mange watt i første bakke. Burde ha gira ned, det gjekk for treigt. Så vart det seigt og tungt, men eg prøvde å jobba jevnt med kreftene som var igjen. Og eg var heilt ferdig på toppen. Nøgd med det, ikkje nøgd med korleis eg disponerte. Endå noko nytt å ta med seg. Stor bonus å treffa andre Vossevangarar! Alltid stas.

Ola om sine tre ritt:
På fredagen var det bakketempo, eg hadde som mål å vere så nærme vinnaren som mulig. Eg klarte å trykka på der det flate ut og å halde litt igjen der det var bratt. Med ein god avslutning endte eg opp på ein andreplass, 20 sekund bak vinnaren. På laurdag var det fellestart, vinnaren frå i går hadde meldt seg opp til M15-M16, så det var meg mot to Sotra CK ryttarar. Eg var litt bedre enn dei i bakkane, og såg difor mi moglegheit til å vinna med å køyra hardt i bakkane. På siste runde rykka eg opp bakken, men dei hang på, så eg roa litt ned før eg skaut te att. Då fekk eg 50 meter, som eg haldt inn til mål. På sundag var det “flat” tempo. Eg starta 1 min før fredagsvinnaren. Målet var å ikkje bli tatt igjen og det gjekk med glans. I mål var eg 33 sekund bak.

Rune om tempodebut'n
Klemde til for eit par veker sidan og kjøpte meg temposykkel for nokre få laken på Finn. Eg trudde to testturar var nok og meldte meg på mitt fyrste temporitt. Køyrde knallhardt ut frå start, såg watt-verdiane var altfor høge, men klarde ikkje halda att. Etter seks minutt vart det tungt, og så vart det tyngre etterkvart. Gjekk rett inn i Ranga-modus: gav alt eg haddde (ikkje mykje) i bakkane, roleg over toppane og nedover. Sleit med balansen når eg var nedi bøylen, slapp sovidt forbi promillekontrollen dei plar ha på sundagsmorgonar på Sotra. Det vart ilt å koma seg til mål, 20 km var lengre enn eg trudde. Likevel må eg innrømma at det var morro. Kjem heilt sikkert til å prøva dette ei gong og to til neste år òg.














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar