mandag 13. september 2021

Kristin med nok ei god ritthelg

I helga som var gjekk Bergen ritthelg av stabelen, skipa til av Bergen CK. Laurdagen var det motbakke-tempo opp til Bontveit, og sundag var det fellesstart på Sotra. Kristin leverte nok ei gong sterke ritt. På tempoen fekk ho den gode tida 17:15, og på sundag vann ho fellestarten etter med ein god spurt. Les Kristin sin rittrapport under, og sjå resultat frå Bontveit tempo og Sund fellesstart.

Kristin sin rapport:

1. Bontveit tempo

Det regna, men var ganske fine forhold. Eg stilte med landeveissykkelen, men hadde eg visst at den første bakken ikkje var med i løypa, hadde eg kanskje stilt med temposykkel. Planen var å sykla jevnt (ikkje som forrige helg). Så det gjorde eg. Sleit litt med å få opp farten på flatane, men ellers grei gjennomføring.

2. Sund fellesstart

Lite felt, 3 damer, gutter 15-16 og ein veteran. (Sakna 3 Vossevangarar på start...). I god G15-16-stil vart det køyrd hardt i bakkane i første runde (ikkje snakk om å disponera krefter). Så roa det seg (innimellom). Enkelte brot vart køyrde inn. Det var mykje vind, så det var berre å liggja på hjul. Eg vert aldri klok på runden på ca 24 km, men kjende igjen innspurten. Låg på hjul, passa på å ikkje bli innestengd, spurta og vann. Digg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar